Carl-Erik Arnesen er årets Fiskehaue

Etter 35 år i oppdrettsnæringa blei Carl-Erik Arnesen heidra med den høgthengande Fiskehaueprisen, som blir delt ut blant oppdrettarar i Sogn og Fjordane.

Foto: iLaks.no

–          Det er ein stor ære å bli sett pris på av kollegaer i bransjen. Det betyr kanskje meir enn noko anna, seier Carl-Erik Arnesen, sals- og marknadsdirektør i Alsaker Fjordbruk AS.

Fredag var oppdrettarar og kundar samla i Kråkevågen på Sulefisk sitt anlegg i Gulen til VM i sjakkelkasting og hyggeleg fest. Der blei den gjeve vandrepokalen utdelt for sjuande gong. Sist prisen blei utdelt i 2014 var det oppdrettar Ola Braanaas som blei årets Fiskehaue.

Mange ulike roller

I kriteria for prisen heiter det:

“Til fremme for de sindige oppdrettere, deres kollegaer og venner sin oppofrende hverdag. Utdeles til de som utmerker seg i særdeleshet for at arrangementer av sågar faglig som sosial art, skal utvikle seg til inkluderende, uhøytidelige og uforglemmelige sammenkomster”.

Jan Emil Johannessen, dagleg leiar i SalmoBreed AS og styreformann i Sulefisk AS stod for prisutdelinga og hadde skrive ein flott tale til vinnaren.

–          Årets vinnar av Fiskehaueprisen har den faglege ballast i orden. Han er utdanna biolog, men har gjennom 35 år i laksebransjen innehatt dei fleste roller, inklusiv administrerande direktør, selgjar, slakterisjef, oppdrettsjef, pressetalsmann og heilt sikkert «altmoglegmann» i fleire selskap, fortalte han.

Stort engasjement

Han trekte elles fram Arnesen sitt engasjement som villsaubonde på øya Losna i Solund kommune og aktiv skodespelar i Losna-spelet. Dessutan har Arnesen engasjert seg kraftig på vegne av heile havbruksnæringa i marknadsarbeid i regi av Sjømatrådet, i nettverksbygging lokalt for å laga planar for lusebehandling, i forsking for å utvikla alternative behandlingsmetodar mot lus eller i arbeid i bransjeorganisasjonar for å betra rammevilkåra for heile næringa.

–          Carl-Erik stiller alltid opp, berre han får teke nokre mobiltelefonar innimellom for å få solgt nokre bilar med laks eller aure, sa Johannessen.

Måtte tilsetja tre som erstatning

Stor arbeidskapasitet og eit smittande godt humør blei også framheva som gode kvalitetar hos prisvinnaren.

–          Det blir sagt at då du slutta hos Ola (Braanaas red. anm.) i fjor, måtte han tilsetja tre personar inklusiv seg sjølv for å erstatta deg. Ettersom ingen av desse tre var ein kloning av Carl-Erik, så tilsette han like godt sonen din i tillegg, sa prisutdelaren.

by admin

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg.