Verdikjede

Verdikjede

Alsaker Fjordbruk har ei verdikjede som kan delast inn i settefisk, matfisk og hausting/slakting. Produksjonen startar i ferskvatn, før fisken går over til sjø. Det er heile vegen fokus på å minimere stresset for fisken, ha gode hygienerutinar samt ha ein fisk ved god helse. Dette vil gje god velferd for fisken samt føre til at han blir eit trygt matvareprodukt av høg kvalitet. All fisk får dagleg tilsyn og stell kvar dag heile året.

Settefisk

Settefiskfasen går føre seg i ferskvatn, hovudsakleg i lukka kar, men på Bolstad Bruk er det merdar i ferskvatn.

Det heile startar med innkjøp av rogn, og valet av kvalitetsrogn frå god stamfisk er viktig. Både Fjon Bruk, Bjølve Bruk og Bolstad Bruk har eige klekkeri og mottek difor rogn som dei har i klekkeskap eller klekkekar. Når rogna klekker, vert den kalt plommesekkyngel fordi han i starten lever på plommesekken sin før han startar å ete fôr. Deretter kjem fisken i yngelfasen. Noko av yngelen blir overført til Salar Bruk.

Fisken utviklast så til parrstadiet, der dei har ein brunleg farge og distinkte fingermerkar på sidene, før dei vert blanke smolt og klare for sjøvatn. Smoltifisering er ein prosess der lakseungen går gjennom fysiologiske endringar for å verte klar til å vandre frå elva ut i sjøen (i naturen).

Matfisk

Transport til sjø skjer i såkalla brønnbåtar der miljøet vert overvaka for å få ein mest mogleg skånsam tur og overgang frå settefiskanlegget til matfiskanlegget. Smolten vert sett i merdar i sjøen og går over i ein postsmoltfase, ung laks og vaksen laks. Matfiskanlegga har enten stålbur eller ringar og ligg på stader med god gjennomstrøyming av reint friskt vatn og gode tilhøve.

Det er i sjøen mesteparten av veksten skjer og fisken vert hausta frå ca 4,5 kg og oppover. Det vert sett ut smolt til ulike tider av året, slik at me kan ha slakteklar fisk gjennom heile året.

Det er eit samarbeid mellom dei ulike aktørane i gamle Hordaland og Rogaland slik at utsett vert samordna i store områder for å få ei felles brakklegging, noko som vil ha ein positiv verknad på fiskehelse.

Hausting/Slakting

Når laksen har nådd rett størrelse, vert den ført levande og skånsamt med brønnbåt til vårt eige slakteri. Me nyttar human avliving og fokuserer gjennom heile slakteprosessen på å oppretthalde kvaliteten og mattryggleiken på produktet. Slakta laks vert overført heil til isoporeskar med is og overført til kundane.