Bjølve Bruk

Introduksjon

Anlegget ligg i Ålvik i Hardanger, nærmare bestemt inne på industriområdet til smelteverket Elkem Bjølvefossen. Det tek ca 1,5 t med bil til Bergen, og 45 min til Voss.

Bjølve Bruk AS har solid fartstid i Ålvik. Reint og klart vatn frå fjellvatna ovanfor Ålvik har lange tradisjonar for å skapa aktivitet i Kvam og særleg i Ålvik. Kva var då meir naturleg enn at nokre pionerar såg at det reine fjellvatnet også kunne nyttast for å produsera fisk?

Når det samstundes låg til rette for å nytta noko av spillvarmen frå Bjølvefossen til å varma opp vatnet, kunne ein i tillegg skapa nokre ekstra arbeidsplassar i Ålvik!

Med dette som utgangspunkt, har vassressursane vore med på å produsera ål av beste kvalitet dei fyrste åra.

Historikk

I 1984 kom den fyrste lakseyngelen på plass i anlegget, noko som seinare også vart utvida til i ein periode med å produsera porsjonsfisk av røye.Produksjonen som då gjekk føre seg, var lokalisert litt ovanfor noverande anlegg. I 1987 vart produksjonen flytta til området nede ved sjøen.

Straks Alsaker Fjordbruk tok over settefiskanlegget i 1998, starta ein omfattande utbyggingsprosess.

Det har vore og vert framleis investert store summar for å utvikla Bjølve Bruk AS til eit toppmoderne settefiskanlegg.

Produksjon

Konsesjonen er på 8,75 millionar sjødyktig settefisk.

Vasstilgang: Me får vatn frå eit av Statkraft sine kraftmagasin. Me nyttar og spillvarme frå smelteverket. Har og bygd ut med varmeveksling mot sjøvatn for å få ein mest mogleg stabil temperatur. Det er eit teknisk anlegg med mange pumper, og installasjonar for behandling og overvåkning av vasskvaliteten.

Veterinærordning: Som resten av konsernet har me avtale med Fomas om veterinære tjenester.

AdresseÅlvikvegen 961, 5614 Ålvik
KonsesjonH-KM 0008
Lokalitetnr og navn12172 - Ålvik
DriftsleiarBjørn Midthus
Telefon driftsleiar+47 99 21 01 28
Telefon+47 56 55 75 10
Epostbjolve.bruk@fjordbruk.no
GlobalGAP sertifikat GGN: 4052852207959