Matsikkerhet

Laks er sunt

Laks inneheld mange viktige næringsstoff som er viktige for menneske. Han er ei god kjelde for protein, vitamin D, A og B12, jod og antioksidantar og kan nyttast som einaste proteinkjelde. Samstundes har laks ei helsebringande effekt grunna sin høge andel av omega-3-fettsyrer og lite innhald av metta fett. Omega-3-fettsyrer beskyttar mot hjarte- og karsjukdommar og ulike betennelsessjukdommar som til dømes leddgikt.

Fokus på trygg fisk

I tilegg til at laksen er eit sunt produkt har me gjennom heile kjeda fokus på at fisken også skal vera trygg å ete. Eit av tiltaka her er vårt eige system for internkontroll i kvar del av produksjonen. Dette blir revidert av Mattilsynet.

Me har ein streng kontroll av oss sjølve basert på HACCP (Hazard Analysis and Critical Control Point) på slakteriet. Dette er ein vitskapleg basert metode for å sikre helsemessig trygg mat.

Me har strenge rutinar og prosedyrar for hygiene og desinfeksjon i alle delar av produksjonen og på slakteriet blir mikroorganismar overvaka både på slakteriet og i laksen.

Ekstern overvaking

Mattryggleik er eit prioritert område i Noreg, og fleire instansar bidreg til at forbrukarar kan vere sikre på at fisken dei et er trygg.

Mattilsynet står sentralt som tilsyns- og overvakingsorgan og følgjer heile produksjonskjeda frå fjord til bord. I tillegg til revisjon vert det utført stikkprøvekontrollar med inspeksjon og uttak av prøver. Dei har og kontroll med ei rekkje overvakings- og kontrollprogram. Helsemessig trygg fisk

Vitenskapskomitéen for mattrygghet (VKM) er ein parallell til EUs EFSA (European Food Safety Authority) og gjer risikovurderingar for Mattilsynet om forhold som har direkte eller indirekte tyding for helsemessig trygg mat langs heile matkjeda. Komitéen er organisert uavhengig av Mattilsynet. Dei overleverte i 2013 rapporten ”Et helhetssyn på fisk og annen sjømat i norsk kosthold”

Nasjonalt institutt for ernærings- og sjømatsforskning (NIFES) driv forsking knyta til ernæring, både for fisk og folk. Dei utførar jamleg analyser av medisinrestar, forbode og forureinande stoff i oppdrettsfisk samt tungmetall og har ein database for dette

Analysar frå 2014 viser ingen restar av ulovlige legemidler eller rester av lovlig brukte legemidler over fastsette verdiar. I tillegg var innhaldet av framandstoff lave i forhold til grenseverdiane i EU og ligg på same nivå som makrell og sild. Rapport 2017

 

Nyttige lenker:

Mattilsynet

Laksefakta

Matportalen – informasjon om mat frå offentlege mynde