Frå 1. juli 2022 tredde openheitslova i kraft i Noreg. Lovens føremål er mellom anna å fremja respekten for grunnleggjande menneskerettar og anstendige arbeidsforhold i samband med produksjon av varer og levering av tenester i verksemder.
I samsvar med openheitslova jobbar me medvite med å kartleggja og vurdera eventuelle negative påverknader/skadar i eiga verksemd, leverandørkjede og forretningssamband, og eventuelt førebyggja, redusera eller stansa dette. Me jobbar aktivt med varsemdvurdering av leverandørane våre.
Informasjon og innsyn:
Den årlege varsemdvurderinga vil publiserast her innan 30. juni kvart år.
Ved førespurnader send e-post til: openheitslova@fjordbruk.no