Bolstad Bruk AS

Introduksjon

Bolstad Bruk AS ligg ved Skogseidvatnet i Fusa kommune, og nyttar vassressursane til produksjon av smolt i merdanlegg. Verksemda har tre lokalitetar, Utlebøen, Eidesstøa og Ospeneset. Smolten som er oppdretta i Skogseidvatnet er kjent for å vera stor og av god kvalitet. Den har tilpassa seg livet i merdanlegg og får dermed liten overgang til merdane i sjøanlegga.

Historikk

I 1997 kjøpte Alsaker Fjordbruk AS verksemda Igland Fisk AS med anlegg og konsesjon ved Ospeneset. Selskapet endra då namn til Igland Bruk AS. I 2011 kjøpte me Bolstad Settefisk AS med klekkeri på Utlebøen og merdanlegg i Eidestøa. I tråd med konsernet sin tradisjon endra selskapet namn til Bolstad Bruk AS, og same år vart Igland Bruk AS fusjonert inn i Bolstad Bruk AS.

Magne Bolstad (født 1923) var ein av pionerane i oppdrettseventyret i Fusa, og arbeidde som bussjåfør då han byrja med fiskeoppdrett i det små. I 1965 grunnla han Bolstad Settefisk AS, og var ein av gründerane bak Bolaks AS

Produksjon

Bolstad Bruk har i dag tre lokalitetar, to merdanlegg og eitt klekkeri. Merdanlegget i Eidesstøa har eit løyve til å nytta 105 tonn fôr, Ospeneset 70 tonn fôr og klekkeriet på Utlebøen 21 tonn fôr. Den årlege produksjonen vert på om lag 1 millionar smolt, med ein storleik på om lag 150 gram. Omlag 2/3 vert vårsmolt frå Bolstad Bruk, medan resterande er haustsmolt frå lokaliteten på Ospeneset.»

 

 

AdresseEidestøa, 5640 Eikelandsosen
KonsesjonH FS0002/0030 (merdanlegg) H FS0039 (klekkeri) H FS0031 (merdanlegg Ospeneset)
Lokalitetnr og navn28796 Skogseidvatnet (mærdanlegg) 10145 Utlebøen (klekkeri)
DriftsleiarLars Gammersvik
Telefon driftsleiar+47 99 21 01 51
Epostbolstad.bruk@fjordbruk.no
GlobalGAP sertifikat GGN: 4052852207959