Stønad

Alsaker Fjordbruk ynskjer og vera ein aktiv bidragsytar til å skape livskraftige lokalsamfunn. Gjennom å bidra til trivsel, aktivitet og utvikling i lokalsamfunna me opererar ynskjer me å styrke busetnad, oppvekstvilkår og rekruttering.

Alsaker Fjordbruk tildelar primært sponsormidlar til lag, organisasjonar eller einskildpersonar, som gjennom idretts-, fritids- eller kulturaktivitetar bidreg til å skape møtestadar og samlingspunkt i lokalsamfunnet. Oppbyggjande tiltak og aktivitetar for born og unge har særleg prioritet hjå oss. Andre positive tiltak som knyter seg til havbruksnæringa, kystkulturen eller utdanningssektoren kan òg verte støtta. Søknaden må vera grunngjeven, og syne prosjektet sin totalkostnad og eigeninnsats/-finanisering.

Søknaden må vera fremja skriftleg til stonad@fjordbruk.no.