Signerte sponsorkontrakt med Anna Dorthea

Alsaker Fjordbruk har inngått ein toårig sponsoravtale med verdsmeister i benkpress Anna Dorthea Espevik (17).

Måndag 14.09.2015 signerte styrkeløftaren frå Onarheim sponsorkontrakt med Adm. dir. Gerhard Meidell Alsaker i Alsaker Fjordbruk AS. 17- åringen vil få utbetalt 50.000 kroner over to år, noko som blei feira med «fleksing» av musklar til ære for fotografen.

–    Dette betyr veldig mykje for meg. Styrkeløft er ein dyr idrett med mykje reising, krav til utstyr og tid i treningsstudio. No kan eg halda fram med å konkurrera og reisa på stemne, seier Anna Dorthea som konkurrerer for Odin SK i Bergen.

–    Sterkare enn pappa
I mai i år knuste Tysnes-jenta alle konkurrentane i ungdoms-VM i Sverige. Ho fekk opp eit kjempeløft på 142,5 kilo i benkpress – noko som er ny verdsrekord for ungdom i -72 kilosklassen. For tida går ho andre året på utdanning for å bli helsefagarbeidar og skal ta til i lære til neste år. Ho legg ned to-tre timar med trening fire-fem gonger i veka, men får også tid til å spela litt handball og reisa heim til Tysnes i helgane.

Det var faren Ronny Espevik som inspirerte dottera til å begynne med styrkeløft. Han har alltid likt å trena og har mykje treningsutstyr i garasjen.

–    For tre år sidan starta me opp. Det var veldig kjekt, og no er eg sterkare enn pappa, smiler Anna Dorthea.

Svolten på nye rekordar
Den neste meisterskapen ho skal delta i er NM i november, og målet er klart. Å forbetra dei personlege rekordane ho har i knebøy (177,5 kilo), benkpress (152,5 kilo) og markløft (145,5 kilo).

–    Eg vil bli Noregsmeister i styrkeløft og forbetra alle rekordane mine, seier 17-åringen.

Alsaker Fjordbruk ønskjer ho lukke til!

10. klasse på bedriftsbesøk hos Alsaker Fjordbruk AS

Ein strålande gjeng ungdomar med det til felles at dei alle er født i 2000 og no går i 10. klasse ved Tysnes skule, møtte opp tidleg torsdag morgon ved administrasjonen til Alsaker Fjordbruk AS på Onarheim.

Ettersom dette er siste året deira i folkeskulen er det snart tid for å velgja vidaregåande utdanning. Havbruksnæringa er i stadig vekst og er dermed eit godt val for framtida, anten ein ynskjer å jobba med fisk på settefiskanlegg, matfiskanlegg eller vil ha oppgåver knytt til administrasjon, servicebåtar eller anna. Me ynskjer å gjera ungdomane merksame på dette, og at det er mange spanande, utfordrande og varierte jobbar knytta til havbruksnæringa. Ynskjet er også å få fram at Alsaker Fjordbruk er ein stor arbeidsplass i deira nærmiljø med gode framtidsutsikter. Kvar haust dei siste åra har me difor invitert 10. klasse til oss for at dei skal få vita meir om kva me driv med.

I løpet av besøket fekk dei ei innføring i laksen si utvikling frå rogn til ferdig slakta fisk, kva utdanning ein kan ta for å få fagbrev i akvakultur, kva arbeidsoppgåver ein driftsoperatør på eit matfiskanlegg har, og elles litt informasjon om verksemda og kva for stillingar me har hos oss. Eit besøk på matfiskanlegget «Onarøy», der dei med sjølvsyn får sjå laksen i merdane og møter driftsoperatørane som svarar på alt dei måtte lura på, er nok høgdepunktet. Når så ferda fram og attende til anlegget føregår i strålande sol på blikkstille fjord, kunne ikkje ramma vore betre.

Besøket vart avrunda med servering av ovnsbakt laks på flaggplassen i 18 grader og sol, etterfulgt av gode råd med tanke på utdanningsval frå adm.dir. Gerhard M. Alsaker.

Me takkar dei høflege og interesserte ungdomane for besøket, og vonar at nokre av dei vel «vår» veg.

Ingrid Storetvedt