Strålande resultat for innsamlingsaksjonen!

 

2024 er det 8. året Alsaker Fjordbruk sponsar 100 kroner for kvar registrering i turboka på toppen av Blåbærhaugen i samband med Kreftforeningens innsamlingsaksjon i mars.

I år lovde Meteorologisk Institutt fint vêr heile veka, og det var nok ein viktig faktor for at denne aksjonen vart ein stor suksess. For folk har gått og gått. Det har vore
– busslaster med skuleklassar fleire dagar, også frå nabokommunen innante’ fjorden
– skuleungar som har kappast om å gå flest turar opp og ned (har høyrt om seks turar!)
– små bein som har klatra seg til topps saman med heile familien
– barnevogner og beremeisar
– hundar i hopetal, saman med eigarar som måtte smørja ekstra på med tolmod
– eldre folk med stavar og stålvilje
– velvaksne seniorar frå Ølve som fekk seg ein biltur opp tidleg sundag morgon

Dette resulterte i heile 3018 registreringar i boka i telefonboksen på toppen, og periodevis kø for å få skrive seg inn. Det er rundt 1000 fleire enn det har vore dei tre siste åra.
Det betyr at Alsaker Fjordbruk denne gong gir 301.800 kroner til innsamlingsaksjonen!

Tala frå 2017 til i 2024 er som følgjer:

2017: 1 050
2018: 762
2019: 1 108
2020: 988
2021: 1 943
2022: 2 058
2023:1 992
2024: 3 018

Totalt for alle år: 12 919

Samanlagt har Kreftforeninga motteke 1 291 900 kroner frå Alsaker Fjordbruk for alle turgåarane aksjonsveka i mars sidan 2017.
Tusen takk til alle spreke turgåarar som har bidratt til å støtte forskning på kreftbehandling desse åra! Me håpar på rekordmange deltakarar også neste år!

 

 

«Vi i Kreftforening er ydmyk, takknemlig og stolt over det rause bidraget fra Alsaker Fjordbruk. For at Kreftforeningen skal kunne overlevere betydelige summer til kreftforskning hvert år er vi helt avhengige av gode støttespillere som dere. Ny rekord i besøkende betyr nytt rekord stort beløp fra dere, som igjen betyr mer og viktige kroner til kreftforskning. Tusen, tusen takk.

Vi vil også benytte anledning til å takke Rannveig Ljostveit Helland som står i spissen og organiserer turen, samt en stor takk til alle dere som har gått turen til Blåbærhaugen forrige uke.

Med vennlig hilsen
Kreftforeningen»

 

 

 

by Silje Føyen Nilsen