Trippeldåp på Alsaker Brygge

Alle gode ting er tre, og det gjeld også dåp av båtar. Tre stolte gudmødre, tre flotte fartøy, tre knuste champagneflasker og ein stolt oppdrettar Gerhard Meidell Alsaker.

Liv Iren Brekke, Bente S. Aasheim og Anne Marie Malkenes fekk det ærefulle oppdraget med å døypa høvesvis «Riga», «Unzen» og «Pilato», her saman med Gerhard Meidell Alsaker.  

Mellom 500 og 600 menneske møtte opp på skipsdåp på Alsaker Brygge då dei nyaste servicebåtane i Alsaker-konsernet «Unzen» og «Pilato» skulle døypast i lag med pilotsatsinga og behandlingslekteren «Riga».

Til saman var det fartøy til vel 100 millionar kroner som låg til kai og skulle døypast.

Medan Onarheim Musikklag spelte gjorde gudmødrene seg klare – spente på om champagneflaskene ville knuse på første forsøk.

Bente S. Aasheim smelte ein fulltreffar i sida på «Unzen», medan Anne Marie Malkenes sørgde for ekstra spaning og underhaldning, då flaska først knuste på tredje forsøket.

– Det må jo berre bety ekstra, ekstra, ekstra lukke til, sa ho etterpå då ho takka Gerhard Meidell Alsaker for det ærefulle oppdraget.

Liv Iren Brekke fekk gleda av å døypa den store behandlingslekteren som blir nytta til avlusing av laks.

«Riga» er kjøpt i Polen, og arbeidet med å montera utstyr på lekteren har blitt utført ved Halsnøy Dokk i Kvinnherad kommune.

På grunn av kapasiteten på pumpar og storleiken på lekteren, kan «Riga» nyttast til ulike behandlingseiningar alt etter årstid og framtidig teknologi, men i første omgang er det børste- og spylesystemet SkaMik som blir utprøvd.

Investeringa i «Riga» er på over 50 millionar kroner, og prosjektet har fått 12,5 millionar kroner i støtte frå Innovasjon Norge via Miljøteknologiordninga.

Representantar frå Innovasjon Norge var til stades på skipsdåpen og fekk sjå nyvinninga med eigne auge.

– Det er ein flott flåte og veldig kjekt å få sjå, seier Sveinung Dukstad, seniorrådgjevar i Innovasjon Norge.

Då dei fekk høve til å dela ut midler til pilotprosjekt i havbruksnæringa var kriteria blant anna at det skulle vera storskala og innovativt.

– I dette prosjektet blei det verkeleg lagt vekt på stor skala. Me likte også moglegheiten til å skifta ut utstyr alt etter kva teknologi som fungerer mot lusa, seier Dukstad.

Etter dåpen var det tid for omvising på båtane, og mange nytte høvet til å ta seg ein tur om bord og sjå seg omkring.

Deretter venta 250 kilo gris som hadde blitt heilsteikt på grillen i løpet av dagen. Og då blei køane lange for å smaka godsakene.
Tekst og foto: Lena Vermedal, Alsaker Fjordbruk

by admin

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *