Dåp Kristoffer Tronds

Alsaker Fjordbruk sin brønnbåt Kristoffer Tronds vart døypt ved Bryggen i Bergen i dag. Gudmor Malene Kristine Meidell Alsaker ynskja båten hell og lukke, og flaska knuste i skutesida på fyrste forsøk. Me gratulerer redar Gerhard Meidell Alsaker med familie, kaptein og mannskap!

Velkomen heim Kristoffer Tronds

Det var eit fantastisk skue då brønnbåten Kristoffer Tronds endeleg kom heim til Onarheim 31.mars 2021. Ein konvoi av Alsaker-båtar følgde den stolte skuta inn til Onarheim og djupvasskaien i Nedrevåge. Der venta Onarheim Musikklag med festmusikk, og folk stod og vifta med flagg og ønskte velkommen! Det var reine 17. mai stemninga!

100.000 kroner til TV-aksjonen

Havet er matfatet vårt. Difor støttar Alsaker Fjordbruk årets TV-aksjon.

«Plast i havet er den største trugsel mot miljøet me står ovanfor i dag», seier Gerhard Meidell Alsaker, administrerande direktør i Alsaker Fjordbruk.

Det er særskild viktig å redusera bruken av havet som bossfylling for plast og anna avfall. Alsaker Fjordbruk vil difor gje 100.000 kroner til årets TV-aksjon, som i år handlar om å redusera plastutslepp frå Sør-Aust Asia og ta vare på verdshava.

Les meir om TV-aksjonen her:

https://blimed.no/tv-aksjonen-nrk/tv-aksjonen-2020/

Alsaker Fjordbruk tildelt postsmoltkonsesjon

Alsaker Fjordbruk fekk 26.09.2019 tildelt postsmoltkonsesjon på Onarheim. Søknaden vart fremja Hordaland fylkeskommune i fjor haust etter at NVE hadde gjeve vassdragskonsesjon i Onarheimselvo.

I vår gav Fylkesmannen utsleppsløyve på omsøkt volum basert på eit anlegg med RAS1-teknologi, der omlag 99% av vatnet går i resirkulering. Mattilsynet godkjente ein produksjon på 17 millionar postsmolt opptil 1 kg for få veker sidan.

Med dette kunne Hordaland fylkeskommune skrive ut løyvet som får konsesjonsnummer HT-0029. Godkjenninga er truleg verdas største postsmoltkonsesjon, og i alle høve den største på Onarheim…

Når produksjonsmessige rammer no er gjevne, byrjar detaljprosjekteringa av postsmoltanlegget på næringsområdet Alsaker Brygge Sør på Onarheim. Arealet vart ferdigregulert i 2017 og det har sidan føregått planeringsarbeid på tomta.

 

Eventuelle henvendingar kan gjerast til:

Kristian Råsberg
Samfunnskontakt
Alsaker Fjordbruk AS

Epost: kristian.rasberg@fjordbruk.no
Telefon: 992 10 109