PRESSEMELDING

Alsaker Fjordbruk har som ei rekke andre bedrifter valt å heve sitt kjøp av MTB. Me vel også å avstå
frå opsjonen til å gjera om hevinga og få høve til å kjøpe MTB for ein pris ned til kr 100.000 per tonn.
Grunnrenteskatten inneber ei rasering av verdiar, prosjekt og arbeidsplassar langs kysten, og me vil
ikkje vurdere kjøp av MTB sjølv om prisen går ned til kr 100.000 per tonn. Me kan ikkje sjå at denne
prisen er forsvarleg ut i frå dei rammevilkåra som no vert gjevne. Til det er framtidig forvaltning av
næringa og fargelegging av produksjonsområda for uviss. Skatteforslaget og gårsdagens statsbudsjett
viser med all tydelegheit kor næringsfiendtleg landet vert drive, og kor usikre rammevilkåra er for all
type næring i Noreg.

by Thomas Leite