I oppsummering til merknadane/innspela finn me;
Med utgangspunkt i våre vurderingar ovanfor, vil Alsaker Fjordbruk/Tysnes Fjordbruk rå til at Regjeringa, Miljødirektoratet og Fylkesmannen i Hordland ikkje nyttar ytterlegare ressursar på å vurdera eit marint verneområde i Ytre Hardangerfjorden.
Ein framtidig aktiv og berekraftig bruk av kandidatområdet vil vera den beste garantien for å beskytta marine verneverdiar og naturverdiar som også landlevande artar er avhengige av. Noverande forvaltningsregime og lovverk, saman med m.a. havbruksnæringa tek alt i vare dei viktigaste verdiane i dette området.
Category Archives: Ymse
Fulltreffar på skipsdåpen
Dei nye oppdrettsbåtane «Jolnir» og «Batur» blei døypt i champagne av beste sort. Den femte skipsdåpen i Alsaker Fjordbruk vart ein suksess.
Fredag 12. juni inviterte Gerhard Meidell Alsaker og Alsaker Fjordbruk til skipsdåp og vårfest på Onarheim. Dagen kjem til å bli hugsa lenge – takka vera kring 500 barn og vaksne som gjorde dagen til ein fest. Til og med bestillinga på godt vêr slo til, sjølv om ordrebekreftinga kom litt seint.
Langs kaiane låg dei flaggpynta oppdrettsbåtane til Alsaker Fjordbruk – alle oppkalla etter vulkanar verda over. Medan Onarheim Musikklag spelte opp, venta to nye båtar på å bli døypte. Først ut var servicekatamaranen «Batur», med namn etter ein indonesisk vulkan.
– Eg døyper deg, «Batur». Må hell og lykke følgje deg og ditt mannskap, sa gudmor Beate Kildal Rønning, før ho sendte ein fulltreffar mot skutesida så champagnen skvatt.
Traff på første forsøk
Deretter var det Alsaker-kollega Signy Alvær Lie som fekk æra av å vera gudmor for den nye, flotte fôringsbåten «Jolnir». Båten har fått namn etter ei islandsk vulkanøy, og er utrusta med store siloar for å driva fôring av laks i oppdrettsmerdane kring Fjelberg i Sunnhordland. Også denne båten blei bada i champagne.
– At flaska treff på første forsøk, er eit godt teikn, sa gudmora etter dåpen.
Investering på 30 millionar
Medan kokkane på Alsaker Brygge førebudde eit festmåltid av seks heilstekte grisar, nytta mange høvet til å gå om bord og få omvising på dei nye båtane. Både «Batur» og «Jolnir» har skrog som er produserte ved verftet Staalcomplex i Polen, medan all innreiing og utrusting har gått føre seg ved Norstec i Sagvåg på Stord. Båtane har fått Pallfinger-kranar frå Bergen Hydraulic, motorar frå Frydenbø Industri, navigasjonssystem frå Vico i Haugesund og fôringssystem frå Ocea i Austevoll. Ei investering på 30 millionar kroner til saman.
– Me har auka aktivitet på sjøen, difor treng me fleire båtar. Alt utstyret er blitt tyngre, og det gjer at me treng store båtar med kraftige kranar. Me tenkjer også på mannskapet sitt ve og vel og har difor investert i gode bufasilitetar på båtane, seier Hans Helge Vik, driftsdirektør i Alsaker Fjordbruk.
Dansa ut i natta
Etter dåpen blei heile bygda invitert på fest. På menyen stod heilstekt gris og laks med god drikke attåt. Og dansen varte ut i dei seine nattetimar.
– Det var ein vellukka dag og alt klaffa som planlagd, oppsummerer Hans Helge Vik.
Alsaker konsern I 2015
Alsaker-konsernet, som er konsernselskapet til Alsaker Fjordbruk, fekk eit driftsresultat på kr 194 millionar i 2015. Med ein omsetnad på kr 1.166 millionar gir dette ein driftsmargin på 16,7 %.