Alsaker konsern I 2015

Alsaker-konsernet, som er konsernselskapet til Alsaker Fjordbruk, fekk eit driftsresultat på kr 194 millionar i 2015. Med ein omsetnad på kr 1.166 millionar gir dette ein driftsmargin på 16,7 %.

Alsaker er eit vertikalintegrert oppdrettskonsern med produksjon av laks. Konsernet dreiv i 2015 5 smoltanlegg, 22 matfiskkonsesjonar og eit slakteri.
Produksjonen i konsernet skjer i 13 kommunar: Bømlo, Etne, Fusa, Kvam, Kvinnherad, Meland, Sveio og Tysnes i Hordaland, samt Haugesund (Røvær), Rennesøy, Suldal, Tysvær og Vindafjord i Rogaland.
I 2015 produserte konsernet ca 31.500 tonn laks, mot ca 32.000 tonn året før.
Produksjonsmessig har 2015 vore eit heller svakt år for konsernet. Dette kan dels forklarast med mykje tilveksttap i samband med avlusing, og dels forklarast med fleire tilfeller av fiskesjukdomen pancreas
disease (PD). Likevel er den biologiske situasjonen ved inngongen til 2016 betre enn på tilsvarande tidspunkt året før.
Konsernet har i 2015 lagt ned svært mykje arbeid i bekjemping av lakselus. Nivået av lakselus har gjennom heile året lege under gjeldande krav sett av styresmaktene.
Alsaker-konsernet har i 2015 hatt ein høg innovasjonstakt med m.a. satsing på oppbygging av eit nytt anlegg for produksjon av rensefisk. I tillegg har konsernet bygd opp ei mekanisk behandlingsplattform for avlusing med svært stor kapasitet. Innovasjon Norge har vore ein sentral støttespelar i prosjektet.
Ved utgongen av 2015 var det 212 fast tilsette i konsernet, og konsernet har godt kvalifiserte og motiverte personar i alle ledd i organisasjonen.
Den internasjonale marknaden for laks har vore prega av ein veldig sterk etterspurnad også i 2015. Det globale tilbodet av atlantisk laks auka med ca 3 % medan gjennomsnittsprisen på laks eksportert frå Norge også auka litt samanlikna med året før.
2016.05.31_-_Alsaker_konsern_2015
Bokført eigenkapital i konsernet var ved utgongen av året på kr 891 millionar – noko som gir ein eigenkapitalandel på 54 %.
Produksjonen hittil i 2016 har gått som planlagt. Saman med høge lakseprisar lovar det godt for 2016…:)
$$$$
Har De spørsmål, eller ynskje om ytterlegare kommentarar, kan De ta kontakt med adm.dir. Gerhard Meidell Alsaker, telefon 53 43 01 10, eventuelt mobil 90 10 5000.

by admin

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg.