Kjemikaliefri avlusing med «Riga»

Optimismen er stor etter testkøyring med SkaMik på behandlingslekteren «Riga».

Sjå video av korleis laksen blir kosta fri for lus her.

– Det har gått veldig fint med fisken, og det ser ut som om lusespylaren kan bli eit nyttig ikkjemedikamentelt verktøy mot lus, seier Kari Lillesund, fiskeveterinær i Alsaker Fjordbruk AS. Videoen er laga under testkøyring på eit oppdrettsanlegg ved Fjelberg i Kvinnherad kommune i desember.
Filter samlar opp lusa
Alsaker Fjordbruk AS har sidan august ifjor arbeidd med pionéerprosjektet. «Riga» er ein spesiallaga lekter utrusta med SkaMik lusespylarar, som spyler og kostar laksen fri for lus. Kapasiteten er stor på heile 200 tonn fisk i timen. Og best av alt. Lus og luseegg blir samla i filter og destruert.
–    Målet vårt er å få ned kostnaden i samband med lus, samt så langt som råd verta uavhengig av kjemiske lusemiddel, seier Hans Helge Vik, driftsdirektør i Alsaker Fjordbruk AS.
Støtte frå Innovasjon Norge
Investeringa i «Riga» er på over 50 millionar kroner, og prosjektet har fått 12,5 millionar kroner i støtte frå Innovasjon Norge via Miljøteknologiordninga. Denne ordninga er retta inn mot selskap som skal gjennomføra banebrytande arbeid på teknologisektoren med grunnlag i ei betring av miljøet.
–    Ein stor takk til Innovasjon Norge som hadde trua på oss. Lekteren gjev oss unike moglegheiter til å skapa det komande behandlingsregimet mot lus, i tett samhandling med rensefisk og meir tradisjonelle behandlingsformer, seier Even Søfteland, styremedlem i Alsaker Fjordbruk og den som har koordinert søknadsprosessen mot Innovasjon Norge.
Godt utrusta
«Riga» er kjøpt i Polen, og arbeidet med å montera utstyr på lekteren har blitt utført ved Halsnøy Dokk i Kvinnherad kommune. På grunn av kapasiteten på pumpar og storleiken på lekteren, kan «Riga» nyttast til ulike behandlingseiningar alt etter årstid og framtidig teknologi, men i første omgang er det SkaMik som blir utprøvd.
Lekteren er 40 meter lang og 20 meter brei. Om bord er det 1000 kilowatt aggregat og to SkaMik lusespylarar. Store spylevasspumpar hjelper til med å transportera fisken gjennom systemet. Det er også fiskepumpar med fire vakuumtankar på 9200 liter, levert av Stranda Prolog. Tre store kranar er også monterte.
Utleige på sikt
«Riga» skal driftast av Fjordbruk Service AS, som er eit dotterselskap i Alsaker konsernet. Lekteren får eit mannskap på tre som også skal drifta ein følgjebåt. Lusespylaren vil bli nytta på Alsaker sine lokalitetar i Hordaland og Rogaland, og på sikt kan lekteren bli utleigd til andre oppdrettsselskap.
–    Dersom me har kapasitet til det, vil me på sikt vurdera å leiga han ut. Men først må me bli flinke til å behandla med han, seier driftsdirektøren.
Alsaker Fjordbruk samarbeider også med FOMAS sine fiskeveterinærar under behandlingane. Av omsyn til fiskevelferd blir det ikkje behandla ved låge sjøtemperaturar. Difor ligg «Riga» no til kai, men når sjøtemperaturen stig utover våren , vil lusespylaren på ny kunne delta i kampen mot lakselus.

Lena Vermedal 14.01.2016

Skipper på eiga skute

Johannes Landa er berre 25 år, men har fått stort ansvar som skipper på ein av dei nyaste servicebåtane i Fjordbruk Service AS.

I magasinet ”En gullkantet fremtid” kan du lesa ein 4-siders artikkel om den unge fjelbergbuen frå Kvinnherad, som valde sjøen som leveveg framfor tømrarfaget. ”En gullkantet fremtid” er eit magasin som kjem ut i oktober kvart år. Målgruppa er ungdom under utdanning, og magasinet blir sendt ut til skular og opplæringskontor samt delt ut på utdanningsmesser over heile landet. Innhaldet har fokus på jobb- og utdanningsmoglegheiter i fiskeri- og oppdrettsnæringa. Les artikkelen her

Signerte sponsorkontrakt med Anna Dorthea

Alsaker Fjordbruk har inngått ein toårig sponsoravtale med verdsmeister i benkpress Anna Dorthea Espevik (17).

Måndag 14.09.2015 signerte styrkeløftaren frå Onarheim sponsorkontrakt med Adm. dir. Gerhard Meidell Alsaker i Alsaker Fjordbruk AS. 17- åringen vil få utbetalt 50.000 kroner over to år, noko som blei feira med «fleksing» av musklar til ære for fotografen.

–    Dette betyr veldig mykje for meg. Styrkeløft er ein dyr idrett med mykje reising, krav til utstyr og tid i treningsstudio. No kan eg halda fram med å konkurrera og reisa på stemne, seier Anna Dorthea som konkurrerer for Odin SK i Bergen.

–    Sterkare enn pappa
I mai i år knuste Tysnes-jenta alle konkurrentane i ungdoms-VM i Sverige. Ho fekk opp eit kjempeløft på 142,5 kilo i benkpress – noko som er ny verdsrekord for ungdom i -72 kilosklassen. For tida går ho andre året på utdanning for å bli helsefagarbeidar og skal ta til i lære til neste år. Ho legg ned to-tre timar med trening fire-fem gonger i veka, men får også tid til å spela litt handball og reisa heim til Tysnes i helgane.

Det var faren Ronny Espevik som inspirerte dottera til å begynne med styrkeløft. Han har alltid likt å trena og har mykje treningsutstyr i garasjen.

–    For tre år sidan starta me opp. Det var veldig kjekt, og no er eg sterkare enn pappa, smiler Anna Dorthea.

Svolten på nye rekordar
Den neste meisterskapen ho skal delta i er NM i november, og målet er klart. Å forbetra dei personlege rekordane ho har i knebøy (177,5 kilo), benkpress (152,5 kilo) og markløft (145,5 kilo).

–    Eg vil bli Noregsmeister i styrkeløft og forbetra alle rekordane mine, seier 17-åringen.

Alsaker Fjordbruk ønskjer ho lukke til!

10. klasse på bedriftsbesøk hos Alsaker Fjordbruk AS

Ein strålande gjeng ungdomar med det til felles at dei alle er født i 2000 og no går i 10. klasse ved Tysnes skule, møtte opp tidleg torsdag morgon ved administrasjonen til Alsaker Fjordbruk AS på Onarheim.

Ettersom dette er siste året deira i folkeskulen er det snart tid for å velgja vidaregåande utdanning. Havbruksnæringa er i stadig vekst og er dermed eit godt val for framtida, anten ein ynskjer å jobba med fisk på settefiskanlegg, matfiskanlegg eller vil ha oppgåver knytt til administrasjon, servicebåtar eller anna. Me ynskjer å gjera ungdomane merksame på dette, og at det er mange spanande, utfordrande og varierte jobbar knytta til havbruksnæringa. Ynskjet er også å få fram at Alsaker Fjordbruk er ein stor arbeidsplass i deira nærmiljø med gode framtidsutsikter. Kvar haust dei siste åra har me difor invitert 10. klasse til oss for at dei skal få vita meir om kva me driv med.

I løpet av besøket fekk dei ei innføring i laksen si utvikling frå rogn til ferdig slakta fisk, kva utdanning ein kan ta for å få fagbrev i akvakultur, kva arbeidsoppgåver ein driftsoperatør på eit matfiskanlegg har, og elles litt informasjon om verksemda og kva for stillingar me har hos oss. Eit besøk på matfiskanlegget «Onarøy», der dei med sjølvsyn får sjå laksen i merdane og møter driftsoperatørane som svarar på alt dei måtte lura på, er nok høgdepunktet. Når så ferda fram og attende til anlegget føregår i strålande sol på blikkstille fjord, kunne ikkje ramma vore betre.

Besøket vart avrunda med servering av ovnsbakt laks på flaggplassen i 18 grader og sol, etterfulgt av gode råd med tanke på utdanningsval frå adm.dir. Gerhard M. Alsaker.

Me takkar dei høflege og interesserte ungdomane for besøket, og vonar at nokre av dei vel «vår» veg.

Ingrid Storetvedt

Sunnhordland Fjordbruk AS – Søknad om løyve til matproduksjon på ny lokalitet Segleberget

SØKNAD OM LØYVE TIL MATPRODUKSJON (LAKS) PÅ NY LOKALITET SEGLBERGET PÅ SØRVESTSIDA AV HALSNØYA I KVINNHERAD KOMMUNE. DEN NYE LOKALITETEN SKAL M.A. ERSTATTA EKSISTERANDE LOKALITET 13231 I HØYLANDSUNDET 

Sunnhordland Fjordbruk AS mfl. søkjer om løyve til matproduksjon (laks) på ny lokalitet ved Seglberget.

Omsøkt lægje er plassert i eit område som i kommunedelplanen 2006-2015 for Halsnøy-området er sett av til m.a. Akvakultur (A) / Fiske, Ferdsle, Natur, Friluftsliv og Akvakultur (FFNFA).

Det er Hordaland fylkeskommune som avgjer søknadar etter akvakulturlova. Kvinnherad kommune gjer vurdering/uttale i høve til m.a. plan- og bygningslova.

Søknaden er lagt ut til offentlege ettersyn på Rådhuset og på kommunen si heimeside.

For nærare opplysningar, ring Kvinnherad kommune, 53483100. Eventuelle merknader kan sendast til Kvinnherad kommune, 5470 Rosendal innan 10.09. 2015.

 

OGJ/ØHO

Rogaland Fjordbruk AS – Søknad om løyve til auka matproduksjon på lokalitet Bjelkavik

SØKNAD OM LØYVE TIL AUKA MATPRODUKSJON/BIOMASSE PÅ EKSISTERANDE LOKALITET 11930 BJELKAVIK I SULDAL KOMMUNE

Rogaland Fjordbruk AS mfl., 4235 Hebnes søkjer om løyve til å auka matproduksjonen/biomassen frå 3.120 til 4.680 tonn på lokaliteten Bjelkavik. Det vert ingen endringar i anlegg/lægje.

Lokaliteten ligg i eit område som i kommuneplanen  2014 – 2025 er sett av til «Generelt fleirbruksområde», der Akvakultur er eitt av aktuelle tiltak.

Søknad med vedlegg er lagt ut til offentlig ettersyn i kommune sine lokale på Garaneset.
Dokumenta er også lagt ut på kommunen si heimeside www.suldal.net
For nærare opplysningar kontakt også Suldal kommune, Bygdeutvikling v/Rune Roalkvam eller Ole Martin Dahle i telefon: 52 79 24 00.

Kommunen skal handsama søknaden etter Plan- og bygningslova. Eventuelle merknader til søknaden, kan sendast til Suldal kommune, Eidsvegen 7, 4230 Sand eller postmottak@suldal.kommune.no innan 28. august 2015.

OGJ/ØHO

Nordsjø Fjordbruk AS – Søknad om løyve til auka matproduksjon på lokalitet Nappeholmane

Nordsjø Fjordbruk AS mfl. søkjer om løyve til å auka matproduksjonen/biomassen frå 1.560 til 2.340 tonn på lokaliteten Nappeholmane nordom Spissøy. Det vert også søkt om justering av anlegget, der to nye bur vert lagt til mot nord, samt at flåten også får eit nytt lægje.

Lokaliteten ligg i eit område som i kommuneplanen  2013 – 2025 er sett av til ; Akvakultur (Ak).

Det er Hordaland fylkeskommune som avgjer søknadar etter akvakulturlova. Bømlo kommune gjer vurdering/uttale i høve til m.a. plan- og bygningslova.

Søknaden er lagt ut til offentlege ettersyn på Rådhuset og på kommunen si heimeside www.bomlo.kommune.no under menyen Kunngjeringar.

Eventuelle merknader kan sendast til Bømlo kommune, Arealbruk, Rådhuset, Leirdalen 1, 5430 Bremnes eller postmottak@bomlo.kommune.no innan 10.08.2015.

 

OGJ/ØHO

Tysnes Fjordbruk AS – Søknad om løyve til auka matproduksjon på lokalitet Ystanes

Søknad om løyve til auka matproduksjon på eksisterande lokalitet og anlegg 29936 Ystanes i Kvinnherad kommune.

Tysnes Fjordbruk AS søkjer om løyve til å auka matproduksjonen/biomassen frå 3.120 til 3.900 tonn på lokaliteten Ystanes.

Lokaliteten ligg i eit område som i kommunedelplanen 2006 – 2015 for Ølve, Hatlestrand og Varaldsøy er sett av til ; Akvakultur.

Det er Hordaland fylkeskommune som avgjer søknadar etter akvakulturlova. Kvinnherad kommune gjer vurdering/uttale i høve til m.a. plan- og bygningslova.

Søknaden er lagt ut til offentlege ettersyn på Rådhuset og på kommunen si heimeside.

For nærare opplysningar, ring Kvinnherad kommune, 53 48 31 00. Eventuelle merknader kan sendast til Kvinnherad kommune, 5470 Rosendal innan 16.07. 2015.

Onarheim Bruk AS – Løyvet/konsesjonen for produksjon av reinsefisk er på plass

Hordaland fylkeskommune har no gitt alle formelle løyve. Ombygginga frå ferskvatn til saltvatn m.m. har starta

Søknaden med all turvande dokumentasjon vart sendt Fylkeskommunen den 12. januar d.å.. Høyringa og dei ulike overordna mynda har handsama søknaden etter ynskje og i tråd med «tidsgarantien», noko som gjer at konsernet alt har fått på plass dyktig personale til «nye» Onarheim Bruk. Ombygginga og tilrettelegginga for produksjon av m.a. rognkjeks har alt starta og vil halda fram slik intensjonen er.

I løyvet frå Hordaland Fylkeskommunen finn ein m.a.;

Hordaland fylkeskommune gjev med dette Onarheim Bruk AS, org. nr. 922259418, akvakulturløyve med reg. nr. H-T-25, løyve til å etablere settefiskanlegg for oppdrett av berggylt (Labrus bergylta), akvakultur- løyve med reg. nr. H-T-26, løyve til å etablere stamfiskanlegg for oppdrett av berggylt (Labrus bergylta), akvakulturløyve med reg. nr. H-T-27, løyve til å etablere settefiskanlegg for oppdrett av rognkjeks (Cyclopterus lumpus), og akvakulturløyve med reg. nr. H-T-28, løyve til å etablere stamfiskkanlegg for oppdrett av rognkjeks (Cyclopterus lumpus) på følgjande lokalitet i Tysnes kommune i Hordaland fylke.

Lokalitet 10323 Onarheim er godkjent for ein maksimalt tillaten biomasse på 150 tonn. Samla biomasse i drift for løyva med reg.nr. H-T-25, H-T-26, H-T-27 og H-T-28 må aldri overstige 150 tonn. Lokaliteten er tidlegare klarert for akvakulturløyve med reg. nr. H-T-1, tilhøyrande Onarheim Bruk AS, som gjeld oppdrett av settefisk av laks og aure.