Tradisjonen tru inviterer Gerhard og dei gode hjelparane til Laksafest på Alsaker Brygge den siste fredagen i juli. Hald av datoen og bli med på gildet!
Tradisjonen tru inviterer Gerhard og dei gode hjelparane til Laksafest på Alsaker Brygge den siste fredagen i juli. Hald av datoen og bli med på gildet!
Resultatet for Alsaker konsern 2021 er klart.
Alsaker Fjordbruk produserer 38.000 tonn laks i året, noko som tilsvarer 200 millionar middagsporsjonar. Det er nok middagar til heile Sunnhordland kvar dag i 9 år! Møt dei dyktige folka som jobbar med laksen vår! Les artikkelen her.
Alsaker Fjordbruk sin brønnbåt Kristoffer Tronds vart døypt ved Bryggen i Bergen i dag. Gudmor Malene Kristine Meidell Alsaker ynskja båten hell og lukke, og flaska knuste i skutesida på fyrste forsøk. Me gratulerer redar Gerhard Meidell Alsaker med familie, kaptein og mannskap!
Resultatet for Alsaker konsern 2020 er klart. Les heile pressemeldinga her.
Det var eit fantastisk skue då brønnbåten Kristoffer Tronds endeleg kom heim til Onarheim 31.mars 2021. Ein konvoi av Alsaker-båtar følgde den stolte skuta inn til Onarheim og djupvasskaien i Nedrevåge. Der venta Onarheim Musikklag med festmusikk, og folk stod og vifta med flagg og ønskte velkommen! Det var reine 17. mai stemninga!
Havet er matfatet vårt. Difor støttar Alsaker Fjordbruk årets TV-aksjon.
«Plast i havet er den største trugsel mot miljøet me står ovanfor i dag», seier Gerhard Meidell Alsaker, administrerande direktør i Alsaker Fjordbruk.
Det er særskild viktig å redusera bruken av havet som bossfylling for plast og anna avfall. Alsaker Fjordbruk vil difor gje 100.000 kroner til årets TV-aksjon, som i år handlar om å redusera plastutslepp frå Sør-Aust Asia og ta vare på verdshava.
Les meir om TV-aksjonen her:
Resultatet for Alsaker konsern 2019 er klart. Les heile pressemeldinga her