Låg dødlegheit og god fiskehelse – Fiskevelferdsprisen 2026

Alsaker Fjordbruk vart tildelt Fiskevelferdsprisen 2026 under EWOS Solstrandkonferanse den 13. februar. Dette er ei anerkjenning me set stor pris på.

God fiskehelse er grunnmuren

Robust smolt, god vaksinestrategi og rensefisk som ein del av lusebekjempinga er viktige faktorar som bidreg til god fiskehelse. Like viktig er det at me over tid har bygd ein kultur der fiskehelse er ein naturleg og felles forstått føresetnad for gode produksjonsresultat.

Målretta arbeid med fiskehelse og fiskevelferd gjennom heile produksjonen er ein viktig grunn til at me har oppnådd gode resultat – eller som Gerhard sjølv seier det: «Ein kan ha god fiskevelferd utan å tene pengar, men det går ikkje an å tene pengar utan god fiskevelferd.»

Me takkar for anerkjenninga og Fiskevelferdsprisen, og ser den som ei stadfesting av innsatsen alle våre dyktige medarbeidarar legg ned kvar dag – både ved merdkant og i alle funksjonane rundt.

Continue reading

Alsaker AS har gjennomført kjøpet av Bolaks

Alsaker AS sitt kjøp av 100% av aksjane i Bolaks Group AS vart godkjent av Konkurransetilsynet 19.01.2026. I dag vart avtalen om kjøp gjennomført, og ein skapar med det den klårt største privateigde oppdrettsverksemda i Sør-Norge.

Selskapet vil vera ein sterk, lokaleigd aktør med meir enn 25 000 tonn MTB i PO2 og PO3, og eit produksjonspotensiale på over 50 000 tonn i året. Gjennomføringa av kjøpet tryggar lokale arbeidsplassar, og selskapet vil dra nytte av ei felles og fullintegrert verdikjede – og kunne optimalisere bruken av stamfisk, settefiskanlegg, lokalitetar, servicebåtar, brønnbåtar og slakteri.

Ny nedsenkbar lekter

Tronds Marine Service AS kunngjer kontrakt for ny nedsenkbar lekter med ei dykkekapasitet på heile 23 meter vatn over dekk

Tronds Marine Service har inngått byggjekontrakt med Panjin Dajin Offshore Engineering Co. Ltd for bygging av ei ny nedsenkbar lekter.

Lekteren er designa med ei dykkekapasitet på heile 23 meter vatn over dekk, noko som gjer det mogleg å handtere og sjøsette særs store og tunge lastar.

Les heile pressemeldinga frå Tronds Marine Service her

 

Tronds Marine Service AS er ein del av Meidell-konsernet og har ein moderne flåte med flytekranar, lektere og slepebåtar. Dei leverer tenester til oppdrettsnæringa, og har også store maritime prosjekt over heile verda.
Les meir på trondsmarine.com eller følg dei på LinkedIn.

Laksafest for 31. gong!

Tradisjonen tru inviterer Gerhard og dei gode hjelparane til Laksafest på Alsaker Brygge
siste fredag i juli – i år for 31. gong! Hald av datoen og bli med på gildet!

Byggestart på Grindabygget: Oppbygginga er i gang

Måndag denne veka markerte den offisielle byggestarten for det nye Grindabygget. Etter to månader med nedmontering av det brannskadde bygget, er det no gledeleg å sjå at oppbygginga er i gang.

Så langt er to takstolar monterte, og ein tredje er venta innan utgangen av veka. Dei resterande seks er under produksjon og vil bli levert fortløpande i løpet av dei komande vekene. Totalt skal ni takstolar på plass.

Framdrifta i prosjektet er god, og målet er å ha tak over bygget i tide til Laksafesten i juli.

Strålande resultat for innsamlingsaksjonen!

 

2024 er det 8. året Alsaker Fjordbruk sponsar 100 kroner for kvar registrering i turboka på toppen av Blåbærhaugen i samband med Kreftforeningens innsamlingsaksjon i mars.

I år lovde Meteorologisk Institutt fint vêr heile veka, og det var nok ein viktig faktor for at denne aksjonen vart ein stor suksess. For folk har gått og gått. Det har vore
– busslaster med skuleklassar fleire dagar, også frå nabokommunen innante’ fjorden
– skuleungar som har kappast om å gå flest turar opp og ned (har høyrt om seks turar!)
– små bein som har klatra seg til topps saman med heile familien
– barnevogner og beremeisar
– hundar i hopetal, saman med eigarar som måtte smørja ekstra på med tolmod
– eldre folk med stavar og stålvilje
– velvaksne seniorar frå Ølve som fekk seg ein biltur opp tidleg sundag morgon

Dette resulterte i heile 3018 registreringar i boka i telefonboksen på toppen, og periodevis kø for å få skrive seg inn. Det er rundt 1000 fleire enn det har vore dei tre siste åra.
Det betyr at Alsaker Fjordbruk denne gong gir 301.800 kroner til innsamlingsaksjonen!

Tala frå 2017 til i 2024 er som følgjer:

2017: 1 050
2018: 762
2019: 1 108
2020: 988
2021: 1 943
2022: 2 058
2023:1 992
2024: 3 018

Totalt for alle år: 12 919

Samanlagt har Kreftforeninga motteke 1 291 900 kroner frå Alsaker Fjordbruk for alle turgåarane aksjonsveka i mars sidan 2017.
Tusen takk til alle spreke turgåarar som har bidratt til å støtte forskning på kreftbehandling desse åra! Me håpar på rekordmange deltakarar også neste år!

 

 

«Vi i Kreftforening er ydmyk, takknemlig og stolt over det rause bidraget fra Alsaker Fjordbruk. For at Kreftforeningen skal kunne overlevere betydelige summer til kreftforskning hvert år er vi helt avhengige av gode støttespillere som dere. Ny rekord i besøkende betyr nytt rekord stort beløp fra dere, som igjen betyr mer og viktige kroner til kreftforskning. Tusen, tusen takk.

Vi vil også benytte anledning til å takke Rannveig Ljostveit Helland som står i spissen og organiserer turen, samt en stor takk til alle dere som har gått turen til Blåbærhaugen forrige uke.

Med vennlig hilsen
Kreftforeningen»