Tysnes kommune har utarbeidd ei forstudie til nytt basseng på Tysnes. Meidell AS tilbyr å bidra med inntil 1/3 av totalkostnaden eks mva.
Meidell AS sitt anleggsbidrag vil vera avgrensa til maksimalt 40 millionar kroner for eit hovudbasseng lokalisert i tilknyting til Onarheim skule.
Me ser føre oss eit anlegg med konkurransebasseng (25 m, 6 baner), opplæringsbasseng (12,5 m, høgare temperatur), garderobeanlegg og undervisningsdel tilknytt basseng og skule – med to nye klasserom, vrimleareal og gruppe-/møterom.