Category Archives: Ymse
Laks frå Alsaker Fjordbruk får innpass i Kina
Alsaker Fjordbruk AS og Ocean Supreme AS var på plass i Kina då den norske delegasjonen, leia av fiskeriminister Per Sandberg, besøkte Kina 22.-24. mai. Målet med besøket var å etablera gode kontaktar, og at dei lukkast med dette kan ein lesa om i pressemeldinga som Zoneco la ut etter møtet med Alsaker Fjordbruk AS og Ocean Supreme AS.
«At Zoneco Group og dei norske partnarane blir samde, vil hjelpe norske lakseprodukt inn i tusenvis av kinesiske familiar via Zoneco Group sine salskanalar», skriv selskapet i pressemeldinga.
Zoneco er eit stort selskap som driv havbeite på skalldyr, oppdrett av fleire artar, fiskeri, foredling og distribusjon av fisk og skalldyr. Dei har hovudkontor i Dalian kor dei også har ein stor fabrikk og eit stort distribusjonssenter med kjøl-og frysekapasitet til 50.000 tonn sjømat.
Pressemelding angående Eide Marine Contractors AS
Meidell AS kjøper kjerneverksemda etter Eide-konkursen
Meidell AS kjøper opp kjerneverksemda til konkursråka Eide Marine Services på Halsnøy. Kjøpet inkluderer totalt 14 einingar, beståande av flytekraner, lekterar og slepebåtar.
– Me har vore på «opphøyrsal», sa oppdrettar Gerhard Meidell Alsaker då han presenterte nyheita til dei tilsette i Alsaker Fjordbruk under den årlege administrasjonsturen i konsernet.
Onsdag blei det klart at Meidell AS kjøpte opp 14 einingar frå konkursbuet til Eide Marine Services på Halsnøy. Kranselskapet meldte om oppbod i slutten av september.
I oppkjøpet inngår blant anna fem store kranfartøy, sju store lekterar og to slepebåtar. Flåten vil no bli lagt inn i eit heileigd dotterselskap i Meidell AS.
– Planen vidare er å oppretta eit selskap, i lag med Eide, som skal stå for den operative drifta av flåten ut i frå Høylandsbygd på Halsnøy. Dermed sikrar ein ivaretaking av den kreativiteten og kompetansen som finst på staden, seier oppdrettaren.
Alsaker held fast at oppkjøpet ikkje skal medføra at fokus blir flytta vekk i frå hovudgeskjeften som framleis skal vera laks.
Meidell AS er Gerhard Meidell Alsaker sitt heileigde holdingselskap, og forutan å fungera som sparebøsse består holdingsselskapet av ei rekke selskap der Alsaker-konsernet med Alsaker Fjordbruk er den største og viktigaste motoren.
Ved spørsmål kontakt Gerhard Meidell Alsaker, mobil: 90 10 50 00
Det store spranget til ei gullkanta framtid
Yvonne Sett (34) tok spranget frå tysk apotekjobb til norsk oppdrettsbransje. Ho kom frå det tyske innlandet og hadde ikkje ein gong køyrd båt. I dag er ho driftsleiar på Nordsjø Fjordbruk AS på Bømlo og stortrivst i jobben. Les om den tøffe dama i utdanningsmagasinet «En gullkantet fremtid 2017», side 22-26. Magasinet kjem ut i oktober kvart år og har fokus på utdanning- og jobbmoglegheiter i fiskeri- og oppdrettsnæringa. Bladet blir distribuert til skular og opplæringskontor over heile landet og blir delt ut på dei viktigaste utdanningsmessene.
Ei gullkanta framtid kan du lesa her: http://digital.findexaforlag.no/i/737271-gullkantet-fremtid-2017
Carl-Erik Arnesen er årets Fiskehaue
Etter 35 år i oppdrettsnæringa blei Carl-Erik Arnesen heidra med den høgthengande Fiskehaueprisen, som blir delt ut blant oppdrettarar i Sogn og Fjordane.
Foto: iLaks.no
– Det er ein stor ære å bli sett pris på av kollegaer i bransjen. Det betyr kanskje meir enn noko anna, seier Carl-Erik Arnesen, sals- og marknadsdirektør i Alsaker Fjordbruk AS.
Fredag var oppdrettarar og kundar samla i Kråkevågen på Sulefisk sitt anlegg i Gulen til VM i sjakkelkasting og hyggeleg fest. Der blei den gjeve vandrepokalen utdelt for sjuande gong. Sist prisen blei utdelt i 2014 var det oppdrettar Ola Braanaas som blei årets Fiskehaue.
Mange ulike roller
I kriteria for prisen heiter det:
“Til fremme for de sindige oppdrettere, deres kollegaer og venner sin oppofrende hverdag. Utdeles til de som utmerker seg i særdeleshet for at arrangementer av sågar faglig som sosial art, skal utvikle seg til inkluderende, uhøytidelige og uforglemmelige sammenkomster”.
Jan Emil Johannessen, dagleg leiar i SalmoBreed AS og styreformann i Sulefisk AS stod for prisutdelinga og hadde skrive ein flott tale til vinnaren.
– Årets vinnar av Fiskehaueprisen har den faglege ballast i orden. Han er utdanna biolog, men har gjennom 35 år i laksebransjen innehatt dei fleste roller, inklusiv administrerande direktør, selgjar, slakterisjef, oppdrettsjef, pressetalsmann og heilt sikkert «altmoglegmann» i fleire selskap, fortalte han.
Stort engasjement
Han trekte elles fram Arnesen sitt engasjement som villsaubonde på øya Losna i Solund kommune og aktiv skodespelar i Losna-spelet. Dessutan har Arnesen engasjert seg kraftig på vegne av heile havbruksnæringa i marknadsarbeid i regi av Sjømatrådet, i nettverksbygging lokalt for å laga planar for lusebehandling, i forsking for å utvikla alternative behandlingsmetodar mot lus eller i arbeid i bransjeorganisasjonar for å betra rammevilkåra for heile næringa.
– Carl-Erik stiller alltid opp, berre han får teke nokre mobiltelefonar innimellom for å få solgt nokre bilar med laks eller aure, sa Johannessen.
Måtte tilsetja tre som erstatning
Stor arbeidskapasitet og eit smittande godt humør blei også framheva som gode kvalitetar hos prisvinnaren.
– Det blir sagt at då du slutta hos Ola (Braanaas red. anm.) i fjor, måtte han tilsetja tre personar inklusiv seg sjølv for å erstatta deg. Ettersom ingen av desse tre var ein kloning av Carl-Erik, så tilsette han like godt sonen din i tillegg, sa prisutdelaren.
Trippeldåp på Alsaker Brygge
Alle gode ting er tre, og det gjeld også dåp av båtar. Tre stolte gudmødre, tre flotte fartøy, tre knuste champagneflasker og ein stolt oppdrettar Gerhard Meidell Alsaker.
Liv Iren Brekke, Bente S. Aasheim og Anne Marie Malkenes fekk det ærefulle oppdraget med å døypa høvesvis «Riga», «Unzen» og «Pilato», her saman med Gerhard Meidell Alsaker.
Mellom 500 og 600 menneske møtte opp på skipsdåp på Alsaker Brygge då dei nyaste servicebåtane i Alsaker-konsernet «Unzen» og «Pilato» skulle døypast i lag med pilotsatsinga og behandlingslekteren «Riga».
Til saman var det fartøy til vel 100 millionar kroner som låg til kai og skulle døypast.
Medan Onarheim Musikklag spelte gjorde gudmødrene seg klare – spente på om champagneflaskene ville knuse på første forsøk.
Bente S. Aasheim smelte ein fulltreffar i sida på «Unzen», medan Anne Marie Malkenes sørgde for ekstra spaning og underhaldning, då flaska først knuste på tredje forsøket.
– Det må jo berre bety ekstra, ekstra, ekstra lukke til, sa ho etterpå då ho takka Gerhard Meidell Alsaker for det ærefulle oppdraget.
Liv Iren Brekke fekk gleda av å døypa den store behandlingslekteren som blir nytta til avlusing av laks.
«Riga» er kjøpt i Polen, og arbeidet med å montera utstyr på lekteren har blitt utført ved Halsnøy Dokk i Kvinnherad kommune.
På grunn av kapasiteten på pumpar og storleiken på lekteren, kan «Riga» nyttast til ulike behandlingseiningar alt etter årstid og framtidig teknologi, men i første omgang er det børste- og spylesystemet SkaMik som blir utprøvd.
Investeringa i «Riga» er på over 50 millionar kroner, og prosjektet har fått 12,5 millionar kroner i støtte frå Innovasjon Norge via Miljøteknologiordninga.
Representantar frå Innovasjon Norge var til stades på skipsdåpen og fekk sjå nyvinninga med eigne auge.
– Det er ein flott flåte og veldig kjekt å få sjå, seier Sveinung Dukstad, seniorrådgjevar i Innovasjon Norge.
Då dei fekk høve til å dela ut midler til pilotprosjekt i havbruksnæringa var kriteria blant anna at det skulle vera storskala og innovativt.
– I dette prosjektet blei det verkeleg lagt vekt på stor skala. Me likte også moglegheiten til å skifta ut utstyr alt etter kva teknologi som fungerer mot lusa, seier Dukstad.
Etter dåpen var det tid for omvising på båtane, og mange nytte høvet til å ta seg ein tur om bord og sjå seg omkring.
Deretter venta 250 kilo gris som hadde blitt heilsteikt på grillen i løpet av dagen. Og då blei køane lange for å smaka godsakene.
Tekst og foto: Lena Vermedal, Alsaker Fjordbruk
Skipsdåp på Alsaker Brygge 19.08.2016
Laksafest på Alsaker Brygge 29.07.2016
Alsaker Fjordbruk i internasjonal reklamefilm
Laksen frå Alsaker har hovudrolla i flyselskapet Emirates SkyCargo sin nye reklamefilm!
Filmen starter med nydeleg morgonstund over Sunnhordland, eit dykk i merdane på matfiskanlegget Ystanes og vidare til slakteriet vårt – Viking Fjord på Sunde i Kvinnherad. Deretter kan du sjå laksen sin reise heile vegen til gourmétkokken i Tokyo!