Meidell-konsernet med Gerhard Meidell Alsaker i spissen har i dag skrive kontrakt med Engelsen Entreprenør AS om byggjing av over 2600 kvadratmeter industrikai ved Nedrevåge på Tysnes. Kailinja vert på cirka 130 løpemeter.
- Dette ein viktig milepæl for næringsområdet i Nedrevåge. Det er ei av dei djupaste, lengste og kraftigaste dimensjonerte kaiene i Sunnhordland, seier samfunnskontakt i Alsaker Fjordbruk, Kristian Råsberg.
Det var ein nøgd driftsleiar Amund Engelsen frå Engelsen Entreprenør som tok byggherre Gerhard Meidell Alsaker i handa etter kontraktssigneringa på Onarheim.
Delar av kaien i Nedrevåge skal ha bereevne på 15 tonn pr. kvadratmeter, og det vert lagt til rette for heile 15 meter djupne ved kaifront.
Arbeidet startar opp allereie i mai, og vil sysselsetja ein vesentleg del av entreprenøren sin arbeidsstokk fram mot ferdigstilling mai 2019.
Kontaktperson: Kristian Råsberg, samfunnskontakt i Alsaker Fjordbruk, mobil 99 21 01 09