Nordsjø Fjordbruk AS mfl. søkjer om løyve til å auka matproduksjonen/biomassen frå 1.560 til 2.340 tonn på lokaliteten Nappeholmane nordom Spissøy. Det vert også søkt om justering av anlegget, der to nye bur vert lagt til mot nord, samt at flåten også får eit nytt lægje.
Lokaliteten ligg i eit område som i kommuneplanen 2013 – 2025 er sett av til ; Akvakultur (Ak).
Det er Hordaland fylkeskommune som avgjer søknadar etter akvakulturlova. Bømlo kommune gjer vurdering/uttale i høve til m.a. plan- og bygningslova.
Søknaden er lagt ut til offentlege ettersyn på Rådhuset og på kommunen si heimeside www.bomlo.kommune.no under menyen Kunngjeringar.
Eventuelle merknader kan sendast til Bømlo kommune, Arealbruk, Rådhuset, Leirdalen 1, 5430 Bremnes eller postmottak@bomlo.kommune.no innan 10.08.2015.
OGJ/ØHO