Byggjer industrikai i Nedrevåge

Meidell-konsernet med Gerhard Meidell Alsaker i spissen har i dag skrive kontrakt med Engelsen Entreprenør AS om byggjing av over 2600 kvadratmeter industrikai ved Nedrevåge på Tysnes. Kailinja vert på cirka 130 løpemeter.

  • Dette ein viktig milepæl for næringsområdet i Nedrevåge. Det er ei av dei djupaste, lengste og kraftigaste dimensjonerte kaiene i Sunnhordland, seier samfunnskontakt i Alsaker Fjordbruk, Kristian Råsberg.

Det var ein nøgd driftsleiar Amund Engelsen frå Engelsen Entreprenør som tok byggherre Gerhard Meidell Alsaker i handa etter kontraktssigneringa på Onarheim.

Delar av kaien i Nedrevåge skal ha bereevne på 15 tonn pr. kvadratmeter, og det vert lagt til rette for heile 15 meter djupne ved kaifront.

Arbeidet startar opp allereie i mai, og vil sysselsetja ein vesentleg del av entreprenøren sin arbeidsstokk fram mot ferdigstilling mai 2019.

Kontaktperson: Kristian Råsberg, samfunnskontakt i Alsaker Fjordbruk, mobil 99 21 01 09

Røvær får Rogalands første visningssenter for akvakultur

Røvær Fjordbruk AS har fått innvilga den første visningskonsesjonen i Rogaland. No skal dei starta visningssenter for akvakultur på øysamfunnet vest for Haugesund.

Røvær er kjend for eit historisk rikt sildefiske, kulturhotell og komlekafé. Heilt sidan 80-talet har elevar reist på leirskule for å læra om fiske og segling på øyane der ute i havgapet. Snart kan Røvær få eit heilt nytt tilbod – eit visningssenter for akvakultur med eit potensiale til 15-20.000 besøkjande i året.

Bak prosjektet står Alsaker Fjordbruk AS sitt dotterselskap Røvær Fjordbruk AS. Sidan 2014 har dei arbeidd med planane om eit visningssenter, der publikum generelt og elevar på leirskulen spesielt, kan få læra om akvakulturnæringa og besøkja eit matfiskanlegg.

I september 2016 kom tilsagnet frå Fiskeridirektoratet om at Røvær Fjordbruk AS er tildelt ein visningskonsesjon på 780 tonn, og i mai 2017 kom den endelege godkjenninga av senterets både utsjåande og innhald. Hovudføremålet med slike visningskonsesjonar er å styrka kunnskapen om akvakultur hos publikum. Ordninga skal også bidra til å byggja eit godt omdøme rundt akvakulturnæringa. I følgje brevet frå Fiskeridirektoratet er det ikkje enkelt å få ein slik konsesjon:

«Kun de beste teknologiske og driftsmessige representanter for oppdrettsnæringen vil kunne forvente å få innvilget en søknad om tillatelse», står det i brevet.

På landsbasis er det gitt 17 visningskonsesjonar, men ingen aktørar har så langt fått visningstillating i Rogaland.

Me er svært glade for den tillitten Fiskeridirektoratet har vist Røvær Fjordbruk AS og Alsaker-konsernet med denne tildelinga. For akvakulturnæringa, for Røvær-samfunnet og Haugesund-området er dette svært viktige nyhende, seier Even Søfteland, styremedlem i Alsaker Fjordbruk AS.

I 2015 tok Røvær-samfunnet imot kring 18.000 besøkjande, og Destinasjon Haugesund & Haugalandet har ei målsetjing om å auka talet på cruiseturistar monaleg til regionen. Eit visningssenter for akvakultur passar som hand i hanske inn i denne strategien, og vil gjera eit besøk på Røvær meir attraktivt.

Fortsatt er det mange detaljer som skal på plass, men me tilhøyrar ein yttarst framoverbøygd organisasjon, så dette skal me klare, seier Even Søfteland.

Han skryt av samarbeidet dei så langt har hatt med Haugesund kommune, Kulturhotellet, Stiftelsen Sjøhuset og Røvær-samfunnet.  Byggjesøknad for senteret vart sendt i mai, og løyve låg føre i utgongen av juni. Grunnarbeida vart sett i gong få dagar seinare, og tomta vert no ferdigplanert denne veka.

Det har vore ein hektisk prosess så langt, og me satsar på å halda tempoet oppe  framover, seier samfunnskontakt Kristian Råsberg.  Målet er å koma i gong med forskaling i løpet av neste veke og oppstart av betongarbeid i fyrste del av august.

Men mykje skal klaffe då det krev meir logistikk enn normalt å bygge på ei øy ute i havgapet, seier han.

Ved ytterlegare spørsmål, ta kontakt med:
–    Kristian Råsberg, samfunnskontakt i Alsaker Fjordbruk AS, mobil 99 21 01 09

Laks frå Alsaker Fjordbruk får innpass i Kina

Alsaker Fjordbruk AS og Ocean Supreme AS var på plass i Kina då den norske delegasjonen, leia av fiskeriminister Per Sandberg, besøkte Kina 22.-24. mai. Målet med besøket var å etablera gode kontaktar, og at dei lukkast med dette kan ein lesa om i pressemeldinga som Zoneco la ut etter møtet med Alsaker Fjordbruk AS og Ocean Supreme AS.

«At Zoneco Group og dei norske partnarane blir samde, vil hjelpe norske lakseprodukt inn i tusenvis av kinesiske familiar via Zoneco Group sine salskanalar», skriv selskapet i pressemeldinga.

Zoneco er eit stort selskap som driv havbeite på skalldyr, oppdrett av fleire artar, fiskeri, foredling og distribusjon av fisk og skalldyr. Dei har hovudkontor i Dalian kor dei også har ein stor fabrikk og eit stort distribusjonssenter med kjøl-og frysekapasitet til 50.000 tonn sjømat.

Les pressemeldinga her

 

Meidell AS kjøper kjerneverksemda etter Eide-konkursen

Meidell AS kjøper opp kjerneverksemda til konkursråka Eide Marine Services på Halsnøy. Kjøpet inkluderer totalt 14 einingar, beståande av flytekraner, lekterar og slepebåtar.

– Me har vore på «opphøyrsal», sa oppdrettar Gerhard Meidell Alsaker då han presenterte nyheita til dei tilsette i Alsaker Fjordbruk under den årlege administrasjonsturen i konsernet.

Onsdag blei det klart at Meidell AS kjøpte opp 14 einingar frå konkursbuet til Eide Marine Services på Halsnøy. Kranselskapet meldte om oppbod i slutten av september.

I oppkjøpet inngår blant anna fem store kranfartøy, sju store lekterar og to slepebåtar. Flåten vil no bli lagt inn i eit heileigd dotterselskap i Meidell AS.

– Planen vidare er å oppretta eit selskap, i lag med Eide, som skal stå for den operative drifta av flåten ut i frå Høylandsbygd på Halsnøy. Dermed sikrar ein ivaretaking av den kreativiteten og kompetansen som finst på staden, seier oppdrettaren.

Alsaker held fast at oppkjøpet ikkje skal medføra at fokus blir flytta vekk i frå hovudgeskjeften som framleis skal vera laks.

Meidell AS er Gerhard Meidell Alsaker sitt heileigde holdingselskap, og forutan å fungera som sparebøsse består holdingsselskapet av ei rekke selskap der Alsaker-konsernet med Alsaker Fjordbruk er den største og viktigaste motoren.

Ved spørsmål kontakt Gerhard Meidell Alsaker, mobil: 90 10 50 00

Det store spranget til ei gullkanta framtid

Yvonne Sett (34) tok spranget frå tysk apotekjobb til norsk oppdrettsbransje. Ho kom frå det tyske innlandet og hadde ikkje ein gong køyrd båt. I dag er ho driftsleiar på Nordsjø Fjordbruk AS på Bømlo og stortrivst i jobben. Les om den tøffe dama i utdanningsmagasinet «En gullkantet fremtid 2017», side 22-26. Magasinet kjem ut i oktober kvart år og har fokus på utdanning- og jobbmoglegheiter i fiskeri- og oppdrettsnæringa. Bladet blir distribuert til skular og opplæringskontor over heile landet og blir delt ut på dei viktigaste utdanningsmessene.

Ei gullkanta framtid kan du lesa her: http://digital.findexaforlag.no/i/737271-gullkantet-fremtid-2017

Carl-Erik Arnesen er årets Fiskehaue

Etter 35 år i oppdrettsnæringa blei Carl-Erik Arnesen heidra med den høgthengande Fiskehaueprisen, som blir delt ut blant oppdrettarar i Sogn og Fjordane.

Foto: iLaks.no

–          Det er ein stor ære å bli sett pris på av kollegaer i bransjen. Det betyr kanskje meir enn noko anna, seier Carl-Erik Arnesen, sals- og marknadsdirektør i Alsaker Fjordbruk AS.

Fredag var oppdrettarar og kundar samla i Kråkevågen på Sulefisk sitt anlegg i Gulen til VM i sjakkelkasting og hyggeleg fest. Der blei den gjeve vandrepokalen utdelt for sjuande gong. Sist prisen blei utdelt i 2014 var det oppdrettar Ola Braanaas som blei årets Fiskehaue.

Mange ulike roller

I kriteria for prisen heiter det:

“Til fremme for de sindige oppdrettere, deres kollegaer og venner sin oppofrende hverdag. Utdeles til de som utmerker seg i særdeleshet for at arrangementer av sågar faglig som sosial art, skal utvikle seg til inkluderende, uhøytidelige og uforglemmelige sammenkomster”.

Jan Emil Johannessen, dagleg leiar i SalmoBreed AS og styreformann i Sulefisk AS stod for prisutdelinga og hadde skrive ein flott tale til vinnaren.

–          Årets vinnar av Fiskehaueprisen har den faglege ballast i orden. Han er utdanna biolog, men har gjennom 35 år i laksebransjen innehatt dei fleste roller, inklusiv administrerande direktør, selgjar, slakterisjef, oppdrettsjef, pressetalsmann og heilt sikkert «altmoglegmann» i fleire selskap, fortalte han.

Stort engasjement

Han trekte elles fram Arnesen sitt engasjement som villsaubonde på øya Losna i Solund kommune og aktiv skodespelar i Losna-spelet. Dessutan har Arnesen engasjert seg kraftig på vegne av heile havbruksnæringa i marknadsarbeid i regi av Sjømatrådet, i nettverksbygging lokalt for å laga planar for lusebehandling, i forsking for å utvikla alternative behandlingsmetodar mot lus eller i arbeid i bransjeorganisasjonar for å betra rammevilkåra for heile næringa.

–          Carl-Erik stiller alltid opp, berre han får teke nokre mobiltelefonar innimellom for å få solgt nokre bilar med laks eller aure, sa Johannessen.

Måtte tilsetja tre som erstatning

Stor arbeidskapasitet og eit smittande godt humør blei også framheva som gode kvalitetar hos prisvinnaren.

–          Det blir sagt at då du slutta hos Ola (Braanaas red. anm.) i fjor, måtte han tilsetja tre personar inklusiv seg sjølv for å erstatta deg. Ettersom ingen av desse tre var ein kloning av Carl-Erik, så tilsette han like godt sonen din i tillegg, sa prisutdelaren.

Trippeldåp på Alsaker Brygge

Alle gode ting er tre, og det gjeld også dåp av båtar. Tre stolte gudmødre, tre flotte fartøy, tre knuste champagneflasker og ein stolt oppdrettar Gerhard Meidell Alsaker.

Liv Iren Brekke, Bente S. Aasheim og Anne Marie Malkenes fekk det ærefulle oppdraget med å døypa høvesvis «Riga», «Unzen» og «Pilato», her saman med Gerhard Meidell Alsaker.  

Mellom 500 og 600 menneske møtte opp på skipsdåp på Alsaker Brygge då dei nyaste servicebåtane i Alsaker-konsernet «Unzen» og «Pilato» skulle døypast i lag med pilotsatsinga og behandlingslekteren «Riga».

Til saman var det fartøy til vel 100 millionar kroner som låg til kai og skulle døypast.

Medan Onarheim Musikklag spelte gjorde gudmødrene seg klare – spente på om champagneflaskene ville knuse på første forsøk.

Bente S. Aasheim smelte ein fulltreffar i sida på «Unzen», medan Anne Marie Malkenes sørgde for ekstra spaning og underhaldning, då flaska først knuste på tredje forsøket.

– Det må jo berre bety ekstra, ekstra, ekstra lukke til, sa ho etterpå då ho takka Gerhard Meidell Alsaker for det ærefulle oppdraget.

Liv Iren Brekke fekk gleda av å døypa den store behandlingslekteren som blir nytta til avlusing av laks.

«Riga» er kjøpt i Polen, og arbeidet med å montera utstyr på lekteren har blitt utført ved Halsnøy Dokk i Kvinnherad kommune.

På grunn av kapasiteten på pumpar og storleiken på lekteren, kan «Riga» nyttast til ulike behandlingseiningar alt etter årstid og framtidig teknologi, men i første omgang er det børste- og spylesystemet SkaMik som blir utprøvd.

Investeringa i «Riga» er på over 50 millionar kroner, og prosjektet har fått 12,5 millionar kroner i støtte frå Innovasjon Norge via Miljøteknologiordninga.

Representantar frå Innovasjon Norge var til stades på skipsdåpen og fekk sjå nyvinninga med eigne auge.

– Det er ein flott flåte og veldig kjekt å få sjå, seier Sveinung Dukstad, seniorrådgjevar i Innovasjon Norge.

Då dei fekk høve til å dela ut midler til pilotprosjekt i havbruksnæringa var kriteria blant anna at det skulle vera storskala og innovativt.

– I dette prosjektet blei det verkeleg lagt vekt på stor skala. Me likte også moglegheiten til å skifta ut utstyr alt etter kva teknologi som fungerer mot lusa, seier Dukstad.

Etter dåpen var det tid for omvising på båtane, og mange nytte høvet til å ta seg ein tur om bord og sjå seg omkring.

Deretter venta 250 kilo gris som hadde blitt heilsteikt på grillen i løpet av dagen. Og då blei køane lange for å smaka godsakene.
Tekst og foto: Lena Vermedal, Alsaker Fjordbruk