Meidell AS kjøper opp kjerneverksemda til konkursråka Eide Marine Services på Halsnøy. Kjøpet inkluderer totalt 14 einingar, beståande av flytekraner, lekterar og slepebåtar.
– Me har vore på «opphøyrsal», sa oppdrettar Gerhard Meidell Alsaker då han presenterte nyheita til dei tilsette i Alsaker Fjordbruk under den årlege administrasjonsturen i konsernet.
Onsdag blei det klart at Meidell AS kjøpte opp 14 einingar frå konkursbuet til Eide Marine Services på Halsnøy. Kranselskapet meldte om oppbod i slutten av september.
I oppkjøpet inngår blant anna fem store kranfartøy, sju store lekterar og to slepebåtar. Flåten vil no bli lagt inn i eit heileigd dotterselskap i Meidell AS.
– Planen vidare er å oppretta eit selskap, i lag med Eide, som skal stå for den operative drifta av flåten ut i frå Høylandsbygd på Halsnøy. Dermed sikrar ein ivaretaking av den kreativiteten og kompetansen som finst på staden, seier oppdrettaren.
Alsaker held fast at oppkjøpet ikkje skal medføra at fokus blir flytta vekk i frå hovudgeskjeften som framleis skal vera laks.
Meidell AS er Gerhard Meidell Alsaker sitt heileigde holdingselskap, og forutan å fungera som sparebøsse består holdingsselskapet av ei rekke selskap der Alsaker-konsernet med Alsaker Fjordbruk er den største og viktigaste motoren.
Ved spørsmål kontakt Gerhard Meidell Alsaker, mobil: 90 10 50 00