Optimismen er stor etter testkøyring med SkaMik på behandlingslekteren «Riga».
Sjå video av korleis laksen blir kosta fri for lus her.
– Det har gått veldig fint med fisken, og det ser ut som om lusespylaren kan bli eit nyttig ikkjemedikamentelt verktøy mot lus, seier Kari Lillesund, fiskeveterinær i Alsaker Fjordbruk AS. Videoen er laga under testkøyring på eit oppdrettsanlegg ved Fjelberg i Kvinnherad kommune i desember.
Filter samlar opp lusa
Alsaker Fjordbruk AS har sidan august ifjor arbeidd med pionéerprosjektet. «Riga» er ein spesiallaga lekter utrusta med SkaMik lusespylarar, som spyler og kostar laksen fri for lus. Kapasiteten er stor på heile 200 tonn fisk i timen. Og best av alt. Lus og luseegg blir samla i filter og destruert.
– Målet vårt er å få ned kostnaden i samband med lus, samt så langt som råd verta uavhengig av kjemiske lusemiddel, seier Hans Helge Vik, driftsdirektør i Alsaker Fjordbruk AS.
Støtte frå Innovasjon Norge
Investeringa i «Riga» er på over 50 millionar kroner, og prosjektet har fått 12,5 millionar kroner i støtte frå Innovasjon Norge via Miljøteknologiordninga. Denne ordninga er retta inn mot selskap som skal gjennomføra banebrytande arbeid på teknologisektoren med grunnlag i ei betring av miljøet.
– Ein stor takk til Innovasjon Norge som hadde trua på oss. Lekteren gjev oss unike moglegheiter til å skapa det komande behandlingsregimet mot lus, i tett samhandling med rensefisk og meir tradisjonelle behandlingsformer, seier Even Søfteland, styremedlem i Alsaker Fjordbruk og den som har koordinert søknadsprosessen mot Innovasjon Norge.
Godt utrusta
«Riga» er kjøpt i Polen, og arbeidet med å montera utstyr på lekteren har blitt utført ved Halsnøy Dokk i Kvinnherad kommune. På grunn av kapasiteten på pumpar og storleiken på lekteren, kan «Riga» nyttast til ulike behandlingseiningar alt etter årstid og framtidig teknologi, men i første omgang er det SkaMik som blir utprøvd.
Lekteren er 40 meter lang og 20 meter brei. Om bord er det 1000 kilowatt aggregat og to SkaMik lusespylarar. Store spylevasspumpar hjelper til med å transportera fisken gjennom systemet. Det er også fiskepumpar med fire vakuumtankar på 9200 liter, levert av Stranda Prolog. Tre store kranar er også monterte.
Utleige på sikt
«Riga» skal driftast av Fjordbruk Service AS, som er eit dotterselskap i Alsaker konsernet. Lekteren får eit mannskap på tre som også skal drifta ein følgjebåt. Lusespylaren vil bli nytta på Alsaker sine lokalitetar i Hordaland og Rogaland, og på sikt kan lekteren bli utleigd til andre oppdrettsselskap.
– Dersom me har kapasitet til det, vil me på sikt vurdera å leiga han ut. Men først må me bli flinke til å behandla med han, seier driftsdirektøren.
Alsaker Fjordbruk samarbeider også med FOMAS sine fiskeveterinærar under behandlingane. Av omsyn til fiskevelferd blir det ikkje behandla ved låge sjøtemperaturar. Difor ligg «Riga» no til kai, men når sjøtemperaturen stig utover våren , vil lusespylaren på ny kunne delta i kampen mot lakselus.
Lena Vermedal 14.01.2016