Alsaker Fjordbruk

Adresse Salar Bruk AS, Stekkeviksvegen 42, 5917 Rossland
Konsesjon H-ML0003
Lokalitetnr og navn 10076 - Rydlandsvåg
Driftsleiar Jørn Fanavoll - 99 20 98 25
Telefon 56 17 45 50
Fax 56 17 45 51
Epost Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den.
GlobalGAP sertifikat  GGN: 4052852207959

 

Introduksjon

Salar Bruk AS ligg nordvest i Meland kommune, nede ved sjøen heilt aust i Rosslandspollen og i enden av Rylandsvassdraget.

Meland kommune ligg nordvest i Hordaland fylke og omfattar Holsnøy, Flatøy og nokre mindre øyar mot Herdlafjorden.
Meland er nabokommune til Bergen, med reisetid frå Bergen sentrum til kommunesenteret Frekhaug på under ein halv time. Kommunen er landfast via Nordhordlandsbrua og er såleis det geografiske bindeleddet mellom Bergen og Nordhordland.

Historikk

Ryland var ein av dei få gardane som hadde eit godt fossefall som kunne nyttast til m.a. mølledrift. Alt tidleg på 1700-talet vart det kravt kvernskatt av ”Rylands aargangsqværn”. Mølla på Ryland (der Salar Bruk i dag ligg), var frå gamalt av noko meir enn ei vanleg gardskvern. Anlegget vart stendig bygd ut. I åra 1878 og 1879 vart den fornya og bygd opp att på nytt. Etter kvart som mølla vart bygd ut, vart det også trong for meir vatn og jamnare vassføring for å sikra kontinuerleg drift. Vassdraget vart regulert, noko som vart gjort i fleire rundar. Etter nokre spanande og viktige år, brann mølla ned i 1912. Sjølv om det var seriøse planar om å byggja verksemda opp att, vart dette aldri ein realitet. Fyst på 1960-talet overtok Rylandsvåg Fiskeri vassdragsrettane, deretter vart det Salar Smolt som moderniserte og bygde anlegget vidare. I slutten av 2007 tok Alsaker Fjordbruk over anlegget, som frå då av fekk namnet Salar Bruk AS.

Vassressursane


Rylandsvassdraget ligg sentralt i kommunen og har eit totalareal på 25,2 km2. Vassdraget er det største i kommunen og nedbørsfeltet dekkjer rundt rekna omlag 1/3 av kommunen sitt areal. Vassdraget har tre større innsjøar med Storavatnet på 2900 daa som det klart største, men og med Bjørndalsvatnet (175 daa) og Rylandsvatnet (600 daa) som viktige vassdragselement.

 

Produksjon

Salar Bruk har pt løyve til å produsera 11,5 millionar sjødyktig settefisk.

 

salar