Bolstad Bruk AS

Introduksjon

Bolstad Bruk AS ligg ved Skogseidvatnet i Bjørnafjorden kommune, og nyttar vassressursane til produksjon av smolt i merdanlegg. Verksemda har tre lokalitetar, Utlebøen, Eidesstøa og Ospeneset. Smolten som er oppdretta i Skogseidvatnet er kjent for å vera robust og av god kvalitet. Den har tilpassa seg livet i merdanlegg og får dermed liten overgang til merdane i sjøanlegga.

Historikk

I 1997 kjøpte Alsaker Fjordbruk AS verksemda Igland Fisk AS med anlegg og konsesjon ved Ospeneset. Selskapet endra då namn til Igland Bruk AS. I 2011 kjøpte Alsaker Fjordbruk AS verksemda Bolstad Settefisk AS med klekkeri på Utlebøen og merdanlegg i Eidestøa. I tråd med konsernet sin tradisjon endra selskapet namn til Bolstad Bruk AS, og same år vart Igland Bruk AS fusjonert inn i Bolstad Bruk AS.

Magne Bolstad (født 1923) var ein av pionerane i oppdrettseventyret i Fusa, og arbeidde som bussjåfør då han byrja med fiskeoppdrett i det små. I 1965 grunnla han Bolstad Settefisk AS, og var ein av gründerane bak Bolaks AS

Produksjon

Bolstad Bruk AS har i dag tre lokalitetar, to merdanlegg og eitt klekkeri. På klekkeriet på Utlebøen vert da lagt inn rogn og startfora yngel som vidare vert sett ut til påvekst i merdanlegga i innsjøen.  Det vert laga både høstsmolt med utsett i oktober og vårsmolt med utsett til sjøanlegga i mars/april. Dei seinare åra er størrelsen på smolten som vert sett ut i sjøen auka, for å redusera produksjonstida i sjøfasen fram til slakt.

AdresseEidestøa, 5640 Eikelandsosen
KonsesjonH FS0002/0030 (merdanlegg) H FS0039 (klekkeri) H FS0031 (merdanlegg Ospeneset)
Lokalitetnr og navn28796 Skogseidvatnet (mærdanlegg) 10145 Utlebøen (klekkeri)
DriftsleiarLars Gammersvik
Telefon driftsleiar+47 99 21 01 51
Epostbolstad.bruk@fjordbruk.no
GlobalGAP sertifikat GGN: 4052852283755
GRASP sertifikatGGN: 4052852283755