Personvernerklæring

1 Bakgrunn og virkeområde

Velkommen til Alsaker Fjordbruk si heimeside. Denne heimesida er eigd og vert drifta av Alsaker Fjordbruk AS, eit norsk selskap med organisasjonsnummer: NO 979 494 009 («Alsaker Fjordbruk«, «vi«, «oss«, «vår(e)/(t)«). Alsaker Fjordbruk si forretningsadresse er Flakkavågsvegen 12, 5694 Onarheim.

Når du kontaktar Alsaker Fjordbruk eller besøker heimesidene våre vil me samla inn, bruka og behandla personopplysningar om deg. Alsaker Fjordbruk tek personvernet ditt på alvor, og behandlar opplysningane dine på ein sikker og fortruleg måte.

Denne personvernerklæringa forklarar kva slags personopplysningar me behandlar om deg, korleis me behandlar dei, for kva slags føremål og basert på kva slags rettsleg grunnlag. Personvernerklæringa forklarar òg kva slags rettigheiter du har og kan gjere gjeldande i tilknyting til dei personopplysningar me behandlar om deg.

Personvernerklæringa gjeld for innsamling, bruk og behandling av personopplysningar når du er i kontakt med Alsaker Fjordbruk ved bruk av telefon og e-post, eller ved bruk av heimesida vår. Slik kontakt eller bruk kan gjerast av deg som privatperson eller som representant for våre kundar, leverandørar eller samarbeidspartnarar.

Alsaker Fjordbruk er behandlingsansvarleg for behandling av dine personopplysningar i tråd med denne personvernerklæringa.

2 Behandling av personopplysningar i Alsaker Fjordbruk

2.1 Etablering og administrasjon av kundar, leverandørar og samarbeidspartnarar

Når det vert oppretta kontakt mellom Alsaker Fjordbruk og ein potensiell ny kunde, leverandør eller samarbeidspartnar vil me behandla føretaksinformasjon (typisk namn, organisasjonsnummer, adresse og kredittvurdering) og dessutan e-postadresse, telefonnummer og stillingstittel til kontaktperson(ar) hjå verksemda.

Dersom det vert etablert eit kunde-, leverandør- eller samarbeidsforhold, vil desse opplysningane registrerast hjå Alsaker Fjordbruk, og nyttast ved kommunikasjon med den relevante verksemda. Kvar verksemd får eit eige område i saksbehandlingssystemet til Alsaker Fjordbruk.

Behandlinga av personopplysningar i samband med etablering og administrasjon av kundar, leverandørar og samarbeidspartnarar er forankra i GDPR artikkel 6 nr. 1 bokstav f (interesseavveging).

2.2 Kundeservice

For at me skal kunna hjelpa deg med spørsmåla dine og gje bistand i samband med bruken din av våre heimesider, produkt og/eller tenester, vil me behandla personopplysningar for å identifisera deg og yte kundeservice til deg. Du kan kontakta oss per telefon eller på e-post. Avhengig av bistanden du treng kan det hende me må be deg om å gi frå deg ytterlegare personopplysningar for å kunna yte deg tilstrekkeleg kundeservice.

Det rettslege grunnlaget for behandlinga av opplysningar som skildra i dette avsnittet er for å oppfylle den uttrykkelege førespurnaden din, for å oppfylle avtalen med deg og/eller den verksemda du representerer.

3 Tilgang til personopplysningar

Alsaker Fjordbruk nyttar underleverandørar av IT-tenester for å kunna levera tenester og denne heimesida til deg. Desse underleverandørane kan ha tilgang til personopplysningar dersom personopplysningar er lagra hjå leverandøren eller på annan måte er tilgjengeleg for leverandøren i samsvar med kontrakta med oss. Alsaker Fjordbruk har inngått databehandlaravtale med desse leverandørane, som opptrer i samsvar med   vilkåra i databehandlaravtalen og under våre instruksar. Leverandøren kan berre nytta personopplysningane for dei formåla Alsaker Fjordbruk har bestemt og som er skildra i denne personvernerklæringa.

Alsaker Fjordbruk deler ikkje personopplysningar i andre tilfelle eller på andre måtar enn dei som er skildra i denne personvernerklæringa med mindre du eksplisitt oppmodar til eller samtykkjer til dette.

4 Overføring av personopplysningar til andre land

Alsaker Fjordbruk vil ikkje overføra personopplysningar til tredjeland utanfor EØS som ikkje tilbyr tilstrekkeleg vern, med mindre det finst nødvendige garantiar, slik som inngåing av EUs standardavtalevilkår eller at mottakaren av personopplysningane er sertifiserte etter EU-US Privacy Shield.

5 Sikkerheit ved behandlinga

Me handterer dine personopplysningar på ein sikker måte og har etablert prosedyrar som tilfredsstillar krava etter personvernregelverket. Tryggingstiltaka er både av teknisk, avtalemessig og organisatorisk art. Me gjer jamlege vurderingar av sikkerheita i alle sentrale system som blir nytta for handtering av personopplysningar. Me har òg inngått avtalar med våre underleverandørar som pålegg dei å sørga for tilfredsstillande informasjonssikkerheit i dei tenestene dei leverar til oss.

Me avgrensar tilgangen til personopplysningar som vert behandla i Alsaker Fjordbruk til det personell som har behov for tilgang for å utføra sine oppgåver. Me har mekanismar for tilgangsstyring slik at personopplysningar berre er tilgjengelig for personell med sakleg behov.

6 Sletting

Me slettar personopplysningar når det ikkje lenger er behov for å lagra desse av omsyn til formåla dei vart innsamla for, sjå kapittel 2.

7 Dine rettighetar

Når Alsaker Fjordbruk behandlar dine personopplysningar har du ein rekke rettighetar i samband med denne behandlinga. Dersom du har nokon spørsmål eller ynskjer å gjera gjeldande dine rettighetar, oppmodar me  deg til å ta kontakt med oss ved å gjere nytta av kontaktinformasjonen nedst i denne personvernerklæringa.

Nedanfor kan du sjå kva for rettar du til ein kvar tid har:

  • Rett til innsyn: Du har rett til innsyn i kva personopplysningar me har registrert om deg, så langt ikkje teieplikta er til hinder for dette. For å sikra at personopplysningar blir utlevert til rett person, kan me stilla krav om at krav om innsyn skjer skriftleg eller at identitet blir verifiserte på annan måte.
  • Rett til retting eller sletting: Du kan be oss om å retta feilaktige opplysningar me har om deg eller be oss om å sletta personopplysningar. Me vil så langt som mogleg imøtekomma ein førespurnad om å sletta personopplysningar, men me kan ikkje gjere dette dersom det er tungtvegande grunnar for ikkje å sletta, til dømes at me må lagra opplysningane av dokumentasjonsomsyn.
  • Rett til å klaga til tilsynsstyresmakta: Dersom du ikkje er einig i måten Alsaker Fjordbruk behandlar dine personopplysningar på, kan du senda inn ein klage til Datatilsynet. Me håpar du vil velja å retta ein førespurnad til oss først.

8 Cookies og anna liknande teknologi

Vår heimeside brukar informasjonskapslar (cookies). Ein cookie er ein liten tekstfil som vert lagra på eininga di, og kan innehalde ulik informasjon om bruken din av nettstaden. Til dømes kan han hugsa pålogginga di, kva innstillingar du har aktivert på nettstaden, kva sider du besøker på heimesida vår, kva lenkjer du trykker på og liknande. Både heimesida og deira samarbeidspartnarar kan gjere bruk av cookies.

Dette er dei cookiene me brukar på vår nettstad:

  • Google Analytics

Formålet er å gjennomføra besøksanalyse og utforma statistikk. Google Analytics er eit verktøy for å analysera trafikken på nettstaden vår, levert av Google Inc («Google»). Verktøyet nyttar cookies for å analysera korleis brukaren nyttar nettstaden vår. Denne informasjonen vert lagra på Google sine tenarar i USA. Google lagar rapportar basert på denne informasjonen, og nyttar han til å vurdera bruken av nettstaden. Informasjonen kan bli delt med tredjepartar dersom det er kravd ved lov, eller i tilfelle der tredjepartar behandlar informasjon på vegner av Google. IP-adresser samla inn av Google Analytics er anonymiserte, og kan ikkje sporast tilbake til brukaren.

  • Google Maps

Heimesida vår nyttar Google Maps for å visa plasseringa vår. Google Maps kan samla inn informasjon om brukaren, som til dømes plassering og IP-adresse. Informasjon samla inn av Google Maps vert lagra på Google sine tenarar i USA, og me har ikkje tilgang til desse.

Dersom du ikkje ynskjer at det lagrast cookies, kan du endra innstillingane i nettlesaren du brukar.  Du kan òg sletta eksisterande cookies. Dersom du veljar å sletta eller ikkje akseptera cookies kan du oppleva redusert funksjonalitet på nettsidene våre.

Kvar nettlesar har ei oppskrift på korleis du handterer cookies og relatert teknologi gjennom personvern- og sikkerheitsinnstillingar:

9 Endringar i denne erklæringa

Alsaker Fjordbruk kan gjera endringar i denne personvernerklæringa. Du vil alltid finna siste versjon på www.alsaker.no. Ved vesentlege endringar vil me varsla deg om dette.

10 Kontaktinformasjon

Skulle du ha spørsmål eller kommentarar til denne personvernerklæringa eller korleis Alsaker Fjordbruk behandlar personopplysningar i samband med heimesida eller levering av tenester og produkt, kan du kontakta oss på følgjande måtar:

Per post Per e-post
Personvern v/Alsaker Fjordbruk AS

Flakkavågsvegen 12

5694 Onarheim

 

personvern@fjordbruk.no