Rogna kjem nedkjøla i isoporesker frå rognleverandøren. Dei blir lagt over i kar eller skap for klekking og får her dagleg tilsyn og stell.
Nyklekka yngel lever først på plommesekken sin før den blir flytta over i større kar og startar med å spisa fôr. Den lever i ferskvatn og veks framover mot neste fase i livet.
Yngelen går gjennom ein smoltifisering, blir ein fin og blank smolt og vert klar for eit liv i sjøvatn. Transport over i merdar i sjøen vert gjort skånsamt i brønnbåt.
I sjøen skjer mesteparten av veksten, fisken skal vokse fra om lag 100g til 5kg på halvanna år.
Slakteklar fisk vert frakta til slakteriet vårt, Viking Fjord AS, med brønnbåt
Fisken vert her slakta og så pakka for vidare transport og seinare foredling.
Deretter kan fisken finnast nasjonalt og internasjonalt på fiskemarknaden, i ferskvaredisken og til slutt som ein sunn middag på bordet i heimen.