Rederiet Alsaker LFC Service AS fikk våren 2021 levert ein av Norges største brønnbåtar med design frå Salt Ship Design. M/S Kristoffer Tronds har lengde 90,7 m, breidde 18,6 m og 5919 brt, sertifisert for Nordeuropeisk fart.
Brønnbåten er ein integrert del av verksemda i Alsaker Fjordbruk-konsernet, og har topp moderne teknologi og mannskapsfasilitetar.
Fartøyet er utstyrt med ein stor fiskebehandlingspakke frå MMC, der det er lagt vekt på fiskevelferd og teknologi innan behandling, sortering og transport av fisk. Skipet har fire brønnar, Optilicer, RSW anlegg, omfattande navigasjonssystem og dynamisk posisjonering.
Fartøyet har fleire nye og spanande designløysingar som gjev stor fleksibilitet i høve til ulike typar behandlingsmetodar, med fokus på skånsam fiskehandtering i kombinasjon med hygiene, miljø og kvalitet.
Alsaker LFC Service AS har Global GAP samsvarserklæring, og brønnbåten M/S Kristoffer Tronds kan frakta Global GAP sertifisert fisk.
Kontaktperson for brønnbåtlogistikk:
Bjørn Rino Jacobsen, telefon: 99 21 01 33