Introduksjon
Fjon Bruk AS ligg i Sveio kommune, «midt i leio» mellom Bergen og Stavanger. Lokalisasjonen er som namnet seier å finna på Fjon, på nordsida lengst inne i Ålfjorden.
Historikk
Det har vore drive med settefiskproduksjon på Fjon sidan 17. juli 1973, då Stolt Sea farm etablerte seg på staden.
Alsaker Fjordbruk tok over anlegget i 2006. Fjon Bruk har dei siste åra gjennomgått ei stor ombygging og framstår idag som eit av dei mest moderne smoltanlegga i landet!
Vassressursane
Vigdarvatnet har eit nedbørsfeltet til Vigdarvatnet på heile 95 km2 og eit vassareal på heile 7,36 km2, og er dermed ein av dei største innsjøane i Hordaland.
Vatnet består av fleire basseng som er meir eller mindre åtskilt av tersklar og sund. I hovedsak er Vigdarvatnet delt i eit nordleg (3 km2) og eit sørleg basseng (4 km2) ved Tveitsundet. Det finst også eit tredvetals øyar og holmar i innsjøen.
Fjon Bruk hentar vassressursane frå vatnet. Vassdraget var tidlegare stengt for oppgang av anadrom fisk, men det vart opna på nytt i februar 1999, ved at det vart installert laksetrapp opp gjennom inntaksdammen i utlaupselva.
Produksjon
Fjon Bruk har pt løyve til å produsera 20 millionar sjødyktig settefisk og 52 millionar yngel.
Adresse | Ålfjordvegen 1720, 5550 Sveio |
Konsesjon | H-SO 0003 |
Lokalitetnr og navn | 10060 Fjon |
Driftsleiar | Helge Daae |
Telefon driftsleiar | +47 99 20 98 10 |
Telefon | +47 53 74 74 74 |
Epost | fjon.bruk@fjordbruk.no |
GlobalGAP sertifikat | GGN: 4052852283335 |
GRASP sertifikat | GGN: 4052852283335 |