Tysnes Fjordbruk AS – Søknad om løyve til auka matproduksjon på lokalitet Ystanes

Søknad om løyve til auka matproduksjon på eksisterande lokalitet og anlegg 29936 Ystanes i Kvinnherad kommune.

Tysnes Fjordbruk AS søkjer om løyve til å auka matproduksjonen/biomassen frå 3.120 til 3.900 tonn på lokaliteten Ystanes.

Lokaliteten ligg i eit område som i kommunedelplanen 2006 – 2015 for Ølve, Hatlestrand og Varaldsøy er sett av til ; Akvakultur.

Det er Hordaland fylkeskommune som avgjer søknadar etter akvakulturlova. Kvinnherad kommune gjer vurdering/uttale i høve til m.a. plan- og bygningslova.

Søknaden er lagt ut til offentlege ettersyn på Rådhuset og på kommunen si heimeside.

For nærare opplysningar, ring Kvinnherad kommune, 53 48 31 00. Eventuelle merknader kan sendast til Kvinnherad kommune, 5470 Rosendal innan 16.07. 2015.

Onarheim Bruk AS – Løyvet/konsesjonen for produksjon av reinsefisk er på plass

Hordaland fylkeskommune har no gitt alle formelle løyve. Ombygginga frå ferskvatn til saltvatn m.m. har starta

Søknaden med all turvande dokumentasjon vart sendt Fylkeskommunen den 12. januar d.å.. Høyringa og dei ulike overordna mynda har handsama søknaden etter ynskje og i tråd med «tidsgarantien», noko som gjer at konsernet alt har fått på plass dyktig personale til «nye» Onarheim Bruk. Ombygginga og tilrettelegginga for produksjon av m.a. rognkjeks har alt starta og vil halda fram slik intensjonen er.

I løyvet frå Hordaland Fylkeskommunen finn ein m.a.;

Hordaland fylkeskommune gjev med dette Onarheim Bruk AS, org. nr. 922259418, akvakulturløyve med reg. nr. H-T-25, løyve til å etablere settefiskanlegg for oppdrett av berggylt (Labrus bergylta), akvakultur- løyve med reg. nr. H-T-26, løyve til å etablere stamfiskanlegg for oppdrett av berggylt (Labrus bergylta), akvakulturløyve med reg. nr. H-T-27, løyve til å etablere settefiskanlegg for oppdrett av rognkjeks (Cyclopterus lumpus), og akvakulturløyve med reg. nr. H-T-28, løyve til å etablere stamfiskkanlegg for oppdrett av rognkjeks (Cyclopterus lumpus) på følgjande lokalitet i Tysnes kommune i Hordaland fylke.

Lokalitet 10323 Onarheim er godkjent for ein maksimalt tillaten biomasse på 150 tonn. Samla biomasse i drift for løyva med reg.nr. H-T-25, H-T-26, H-T-27 og H-T-28 må aldri overstige 150 tonn. Lokaliteten er tidlegare klarert for akvakulturløyve med reg. nr. H-T-1, tilhøyrande Onarheim Bruk AS, som gjeld oppdrett av settefisk av laks og aure.

Alsaker Fjordbruk AS – Nei til vidare utgreiing om marint vern i Ytre Hardangerfjorden

I oppsummering til merknadane/innspela finn me;
Med utgangspunkt i våre vurderingar ovanfor, vil Alsaker Fjordbruk/Tysnes Fjordbruk rå til at Regjeringa, Miljødirektoratet og Fylkesmannen i Hordland ikkje nyttar ytterlegare ressursar på å vurdera eit marint verneområde i Ytre Hardangerfjorden.
Ein framtidig aktiv og berekraftig bruk av kandidatområdet vil vera den beste garantien for å beskytta marine verneverdiar og naturverdiar som også landlevande artar er avhengige av. Noverande forvaltningsregime og lovverk, saman med m.a. havbruksnæringa tek alt i vare dei viktigaste verdiane i dette området.

Heile uttalen/innspelet finn du her

Fulltreffar på skipsdåpen

Dei nye oppdrettsbåtane «Jolnir» og «Batur» blei døypt i champagne av beste sort. Den femte skipsdåpen i Alsaker Fjordbruk vart ein suksess.

Fredag 12. juni inviterte Gerhard Meidell Alsaker og Alsaker Fjordbruk til skipsdåp og vårfest på Onarheim. Dagen kjem til å bli hugsa lenge – takka vera kring 500 barn og vaksne som gjorde dagen til ein fest. Til og med bestillinga på godt vêr slo til, sjølv om ordrebekreftinga kom litt seint.

Langs kaiane låg dei flaggpynta oppdrettsbåtane til Alsaker Fjordbruk – alle oppkalla etter vulkanar verda over. Medan Onarheim Musikklag spelte opp, venta to nye båtar på å bli døypte. Først ut var servicekatamaranen «Batur», med namn etter ein indonesisk vulkan.

   – Eg døyper deg, «Batur». Må hell og lykke følgje deg og ditt mannskap, sa gudmor Beate Kildal Rønning, før ho sendte ein fulltreffar mot skutesida så champagnen skvatt.

Traff på første forsøk

Deretter var det Alsaker-kollega Signy Alvær Lie som fekk æra av å vera gudmor for den nye, flotte fôringsbåten «Jolnir». Båten har fått namn etter ei islandsk vulkanøy, og er utrusta med store siloar for å driva fôring av laks i oppdrettsmerdane kring Fjelberg i Sunnhordland. Også denne båten blei bada i champagne.

– At flaska treff på første forsøk, er eit godt teikn, sa gudmora etter dåpen.

Investering på 30 millionar

Medan kokkane på Alsaker Brygge førebudde eit festmåltid av seks heilstekte grisar, nytta mange høvet til å gå om bord og få omvising på dei nye båtane. Både «Batur» og «Jolnir» har skrog som er produserte ved verftet Staalcomplex i Polen, medan all innreiing og utrusting har gått føre seg ved Norstec i Sagvåg på Stord. Båtane har fått Pallfinger-kranar frå Bergen Hydraulic, motorar frå Frydenbø Industri, navigasjonssystem frå Vico i Haugesund og fôringssystem frå Ocea i Austevoll. Ei investering på 30 millionar kroner til saman.

– Me har auka aktivitet på sjøen, difor treng me fleire båtar. Alt utstyret er blitt tyngre, og det gjer at me treng store båtar med kraftige kranar. Me tenkjer også på mannskapet sitt ve og vel og har difor investert i gode bufasilitetar på  båtane, seier Hans Helge Vik, driftsdirektør i Alsaker Fjordbruk.

Dansa ut i natta

Etter dåpen blei heile bygda invitert på fest. På menyen stod heilstekt gris og laks med god drikke attåt. Og dansen varte ut i dei seine nattetimar.

– Det var ein vellukka dag og alt klaffa som planlagd, oppsummerer Hans Helge Vik.

FULLTREFFAR: Gudmor Signy Alvær Lie fekk inn ein fulltreffar så champagnen skvatt på skutesida til «Jolnir». Foto: Kjetil Skjolde

FULLTREFFAR: Gudmor Signy Alvær Lie fekk inn ein fulltreffar så champagnen skvatt på skutesida til «Jolnir». Foto: Kjetil Skjolde

TETT I TETT: Heile flåten til Alsaker Fjordbruk samla på Alsaker Brygge Foto: Arturas Alsauskas

TETT I TETT: Heile flåten til Alsaker Fjordbruk samla på Alsaker Brygge Foto: Arturas Alsauskas

STOR STAS: Beate Kildal Rønning fekk æra av å døypa servicekatamaranen «Batur».

STOR STAS: Beate Kildal Rønning fekk æra av å døypa servicekatamaranen «Batur».

STOR INVESTERING: «Batur» og «Jolnir» er dei nyaste båtane i Alsaker-flåten. Investeringa for begge båtane er på 30 millionar kroner.

STOR INVESTERING: «Batur» og «Jolnir» er dei nyaste båtane i Alsaker-flåten. Investeringa for begge båtane er på 30 millionar kroner.

GERHARD OG GUDMØDRENE: Ein stolt Gerhard Meidell Alsaker takka begge gudmødrene for innsatsen. Signy Alvær Lie og Beate Kildal Rønning fekk vakre halssmykke i gåve.

GERHARD OG GUDMØDRENE: Ein stolt Gerhard Meidell Alsaker takka begge gudmødrene for innsatsen. Signy Alvær Lie og Beate Kildal Rønning fekk vakre halssmykke i gåve.

POPULÆR FEST: Matkøen blei lang når kring 500 bygdafolk og tilsette i Alsaker Fjordbruk skulle sikra seg matservering. Men den som venter på noko godt....

POPULÆR FEST: Matkøen blei lang når kring 500 bygdafolk og tilsette i Alsaker Fjordbruk skulle sikra seg matservering. Men den som venter på noko godt….

GRILLMASTER: Åge Enes var ein av fleire som sytte for at dei heilstekte grisane blei perfekt grilla.

GRILLMASTER: Åge Enes var ein av fleire som sytte for at dei heilstekte grisane blei perfekt grilla.

MIDDAGEN ER KLAR: Det tok ikkje mindre enn 12 timar, men då var grisen perfekt.

MIDDAGEN ER KLAR: Det tok ikkje mindre enn 12 timar, men då var grisen perfekt.

KAFFEKOS: Sjølv om sommarvarmen lot venta på seg, kunne folk varma seg ved bålpanna. Tekst: Lena Vermedal

KAFFEKOS: Sjølv om sommarvarmen lot venta på seg, kunne folk varma seg ved bålpanna.
Tekst: Lena Vermedal