Alsaker Fjordbruk byggjer ny brønnbåt

Alsaker Fjordbruk har kontrahert ny brønnbåt med design frå Salt Ship Design. Fartøyet skal byggjast av Astilleros de Murueta i Spania, og blir levert frå verftet i 2020.

Alsaker er eit vertikalintegrert oppdrettskonsern, og ein av dei største privateigde aktørane innan produksjon av smolt og matfisk. Konsernet har utvikla og driv fleire smoltanlegg, eige slakteri og har eit stort tal matfiskkonsesjonar.

Partane har samarbeidd over lengre tid for å utvikla eit brønnbåtdesign med utgangspunkt i skånsam fiskehandtering i kombinasjon med sterkt fokus på hygiene, miljø og kvalitet. Fartøyet har fleire nye og spanande designløysingar, og innebygd ein stor fleksibilitet i høve til ulike typar behandlingsmetodar.

Salt har i lengre tid jobba tett saman med Alsaker for å sjå på kva som er operasjonelle krav til ein moderne og effektiv brønnbåt.

Det er veldig spanande og lærerikt å få lov til å samarbeida med eit miljø med slik førsteklasses oppdrettskompetanse og eit så sterkt engasjement. Samarbeidet med Alsaker og MMC First Process, som skal levera ein stor fiskehandteringspakke, har resultert i eit svært effektivt fartøy med ein unik operasjonell fleksibilitet, seier Arne Stenersen i Salt Ship Design i ei pressemelding.

Det nye fartøyet er 90,7 m langt, 18,6 m bredt og har brønnkapasitet på meir enn 5000 m3.

Me ser fram til å ta det nye fartøyet i bruk med alt som er planlagd av teknologiske løysingar. Me har jobba internt med dette prosjektet i lang tid, og det har vore mange involverte i prosessen som har kome med innspel, seier Gerhard Meidell Alsaker, administrerande direktør i Alsaker Fjordbruk.