Alsaker Fjordbruk


Viking Fjord AS, H-111  

Slakteriet ligg på Sunde i Kvinnherad Kommune, og her er me omlag 70 tilsette. Viking Fjord AS vart etablert i 1993, og er seinast i 2009 bygd om. Me har nå ein kapasitet på 15 tonn per time.

Me leverer fersk, sløyd laks pakka i 20 kilos kasser med is til Europa og til Østen. Viking Fjord AS er Noregs største slakteri av flysendt laks for den japanske marknaden.

Omlag 25 % av det me pakkar går med fly til Østen (Japan og Kina) og 75 % går med trailer til Europa

Viking Fjord AS er godkjent i høve til offentlege krav til eigenkontroll basert på HACCP-prinsipp.

 

H-111
 
Historikk

Aktiviteten som Viking Fjord AS er arvtakar etter, vart etablert på Sunde så tidleg som  i 1866. I sine velmaktsdagar var det sysselsett over 300 personar i høgsesongen. Hermetikkindustrien gjorde at Sunde vart den største tettstaden i Sunnhordland.

Slakteriet Viking Fjord har med andre ord ein lang tradisjon på Sunde.

I samband med den historiske aktiviteten har ein del av det nære sjøområdet også vore ein viktig del av industrien, som har vore og er, heilt avhengig av levering av råstoff frå sjøen. Hermetikkindustrien fekk råstoff levert anten som ferskvare eller som nedfrose (i nyare tid) direkte på fabrikken.

Slakteriet får i dag fisken levert med brønnbåt til slaktemerdane, der dei så vert pumpa inn i produksjonen

   
Slakteteneste  
Me har ledig kapasitet for slakting av fisk.
Ta kontakt med Carl-Erik Arnesen;
tlf. 53 43 01 00 eller 99 21 01 07.
 
   
   

 vikingfjord