Alsaker Fjordbruk

Settefiskfasen går føre seg i ferskvatn, hovudsakleg i lukka kar, men på Igland Bruk er det merdar i ferskvatn.

Det heile startar med innkjøp av rogn, og valet av kvalitetsrogn frå god stamfisk er viktig. Både Fjon Bruk og Bjølve Bruk har eige klekkeri og mottek difor rogn som dei har i klekkeskap eller klekkekar. Når rogna klekker, vert den kalt plommesekkyngel fordi han i starten lever på plommesekken sin før han startar å ete fôr. Då vert dei kalla yngel.

Bolstad Bruk, og Salar Bruk tek imot yngel for vidare produksjon. Fisken utviklast så til parrstadiet, der dei har ein brunleg farge og distinkte fingermerkar på sidene, før dei vert blanke smolt og klare for sjøvatn. Smoltifisering er ein prosess der lakseungen går gjennom fysiologiske endringar for å verte klar til å vandre frå elva ut i sjøen (i naturen).