Alsaker Fjordbruk

Laks frå Alsaker Fjordbruk får innpass i Kina

Alsaker Fjordbruk AS og Ocean Supreme AS var på plass i Kina då den norske delegasjonen, leia av fiskeriminister Per Sandberg, besøkte Kina 22.-24. mai. Målet med besøket var å etablera gode kontaktar, og at dei lukkast med dette kan ein lesa om i pressemeldinga som Zoneco la ut etter møtet med Alsaker Fjordbruk AS og Ocean Supreme AS.
 
"At Zoneco Group og dei norske partnarane blir samde, vil hjelpe norske lakseprodukt inn i tusenvis av kinesiske familiar via Zoneco Group sine salskanalar", skriv selskapet i pressemeldinga.
 
Zoneco er eit stort selskap som driv havbeite på skalldyr, oppdrett av fleire artar, fiskeri, foredling og distribusjon av fisk og skalldyr. Dei har hovudkontor i Dalian kor dei også har ein stor fabrikk og eit stort distribusjonssenter med kjøl-og frysekapasitet til 50.000 tonn sjømat.

Les pressemeldinga her

 

 IMG 2899

Chairman Wu Hougang i Zoneco Group og salgs og markedsdirektør Carl-Erik Arnesen i Alsaker Fjordbruk