Alsaker Fjordbruk

Transport til sjø skjer i såkalla brønnbåtar der miljøet vert overvaka for å få ei mest mogleg skånsam tur og overgang frå settefiskanlegget til matfiskanlegget. Smolten vert sett i merdar i sjøen og går over i ein postsmoltfase, ung laks og vaksen laks. Matfiskanlegga har enten bur eller ringar og ligg på stader med god gjennomstrøyming av reint friskt vann og gode tilhøve.

Det er i sjøen mesteparten av veksten skjer, og fisken vert hausta frå ca 4,5 kg og oppover. Det vert sett ut smolt til ulike tider av året slik at me kan ha slakteklar fisk gjennom heile året.

Det er eit samarbeid mellom dei ulika aktørane i Hordaland og Rogaland slik at utsett vert samordna i store område for å få ei felles brakklegging, noko som vil ha ei positiv verknad på fiskehelse.

 

 

matfisk