Alsaker Fjordbruk

Adresse Fjon Bruk AS, Ålfjordvegen, 5550 Sveio
Konsesjon H-SO 0003
Lokalitetnr og navn 10060 Fjon
Driftsleiar Helge Daae, 99 20 98 10
Telefon 53 74 74 74
Fax 53 74 74 71
Epost Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den.
GlobalGAP sertifikat  GGN: 4052852283335

 

 

Introduksjon

Fjon Bruk AS ligg i Sveio kommune, "midt i leio" mellom Bergen og Stavanger. Lokalisasjonen er som namnet seier å finna på Fjon, på nordsida lengst inne i Ålfjorden.

 

Historikk

Det har vore drive med settefiskproduksjon på Fjon sidan 17. juli 1973, då Stolt Sea farm etablerte seg på staden.

Alsaker Fjordbruk tok over anlegget i 2006. Fjon Bruk har dei siste åra gjennomgått ei stor ombygging og framstår idag som eit av dei mest moderne smoltanlegga i landet!

 

Vassressursane
Vigdarvatnet har eit nedbørsfeltet til Vigdarvatnet på heile 95 km2 og eit vassareal på heile 7,36 km2, og er dermed ein av dei største innsjøane i Hordaland.

Vatnet består av fleire basseng som er meir eller mindre åtskilt av tersklar og sund. I hovedsak er Vigdarvatnet delt i eit nordleg (3 km2) og eit sørleg basseng (4 km2) ved Tveitsundet. Det finst også eit tredvetals øyar og holmar i innsjøen.

Fjon Bruk hentar vassressursane frå vatnet.  Vassdraget var tidlegare stengt for oppgang av anadrom fisk, men det vart opna på nytt i februar 1999, ved at det vart installert laksetrapp opp gjennom inntaksdammen i utlaupselva.

 

Produksjon

Fjon Bruk har pt løyve til å produsera 20 millionar sjødyktig settefisk og 52 millionar yngel.

 

fjon_bruk_liten