Alsaker AS har gjennomført kjøpet av Bolaks

Alsaker AS sitt kjøp av 100% av aksjane i Bolaks Group AS vart godkjent av Konkurransetilsynet 19.01.2026. I dag vart avtalen om kjøp gjennomført, og ein skapar med det den klårt største privateigde oppdrettsverksemda i Sør-Norge.

Selskapet vil vera ein sterk, lokaleigd aktør med meir enn 25 000 tonn MTB i PO2 og PO3, og eit produksjonspotensiale på over 50 000 tonn i året. Gjennomføringa av kjøpet tryggar lokale arbeidsplassar, og selskapet vil dra nytte av ei felles og fullintegrert verdikjede – og kunne optimalisere bruken av stamfisk, settefiskanlegg, lokalitetar, servicebåtar, brønnbåtar og slakteri.

by Stine Holum